NRK Meny
Normal

Nye, heite målingar: Jordas indre - like varm som sola.

Nye målingar tyder på at jordas indre kjerne er 6000 grader celsius, like varm som solas overflate.

Jordas indre

Ved å gjenskape trykket i jordas indre i laboratorium på jorda, har forskarane komme fram til ein meir nøyaktig temperatur for kjernen.

Foto: NASA/JPL-Université Paris Diderot - Institut de Physique du Globe de Paris

Sjølv om jorda bokstaveleg talt er like under føtene våre, er jordas indre like utilgjengeleg som ein framand planet.

For å finne ut kor varmt det er der inne, må forskarane prøve å gjenskape tilhøva i klodens indre i laboratorium på jorda.

Nye målingar gjort av franske forskarar tyder på at kjernen held heile 6000 grader celsius, noko som svarar til temperaturen på overflata av sola. Dette skriv BBC.

Det dei franske forskarane har gjort er å presse ein prøve av jern mellom to supersterke diamantar til eit trykk på 200 GigaPascal, og varme jernet opp med ein laser. Lyset frå den glødande jernprøven har då avslørt kva temperatur han held akkurat når han smeltar.

Så har forskarane ekstrapolert temperaturkurva til trykket der fast jern går over til jernsmelte i jordas kjerne. Dei nye resultata er publisert i tidsskriftet Science.

Reidar Trønnes

Professor Reidar Trønnes ved Universitetet i Oslo.

Foto: Naturhistorisk museum/UiO
–Kan ikkje stikke inn termometer

Forskarane veit korleis trykket varierer med djupna, noko seismologar har funnet ut ved å måle korleis jorda svingar etter kjempesvære jordskjelv. Dei veit også den totale massefordelinga til jorda. Temperaturen derimot, er det mykje verre å finne ut av:

– Det som er problemet er at det går jo ikkje an å stikke eit termometer ned i jordas indre, seier professor Reidar Trønnes ved Senter for Jordas utvikling og dynamikk ved Universitetet i Oslo. – Vi kan heller ikkje bore oss lenger ned enn nokre få kilometer.

– Dette er frykteleg vanskelege eksperiment å gjere, fortel Trønnes. – Blant anna vil diamantane berre halde til eitt eksperiment, då dei får sprekker på grunn av det høge trykket.

– Dette er eit sterkt teknologidrive fagfelt der ein heile tida prøver å finne ein meir stabil laser, og betre og større diamantar. Det handlar om å gjere stadig betre eksperiment, fortel Trønnes.

Viktig for å forstå jordas vulkanisme

Noko av det viktigaste med å bestemme temperaturkurva nedover i jordas indre, er å få meir informasjon om overgangen mellom den faste mantelen og den flytande ytre kjernen, ifølgje Trønnes.

Senteret for Jordas utvikling og dynamikk der Trønnes arbeider har fokus på nettopp denne grensa.

Her, ved ca 2900 kilometer djupn, skjer det nemleg ei kraftig oppvarming som er svært viktig for å forstå jordas vulkanisme. Dette er kjelda til mange av oppstrøymingane i den faste mantelen, som blant anna bestemmer korleis kontinenta har utvikla seg.

– Dette er ikkje det endelege svaret på temperaturen i jordas kjerne, men usikkerheitene minskar gradvis og vi kjem stadig nærare sannheita, seier Trønnes.