Hopp til innhold

1000 år gamle jødiske skrifter oppdaga i hole i Afghanistan

Unikt skriftfunn dokumenterer eit jødisk samfunn i Afghanistan på 1100-talet.

Lovdokument i judeo-persisk frå Afghanistan

Dette lovdokumentet i judeo-persisk frå år 1005 er blant dokumenta som er oppdaga i ei hole i Afghanistan.

Foto: Israel National Library

Nasjonalbiblioteket i Israel har offentleggjort eit viktig funn av jødiske manuskript som gir det første beviste for eit gammalt jødisk samfunn i Afghanistan, melder Associated Press.

Dokumenta vart funne i ei hole i Afghanistan som har fungert som ei såkalla genizah, eit lagerrom for hebraiske bøker og papir med hovudsakleg religiøse emne, men der også sekulære skrifter har blitt lagra.

Dette er eit ekstremt viktig funn, som gir eit unikt innblikk i den kulturelle historia til eit jødisk samfunn i eit område som i det 11 hundreåret hadde svært viktige politiske, kulturelle og økonomiske senter, skriv Israel National Library på sine nettsider.

Ført ut av Afghanistan

Breva er skrivne på fleire ulike språk, blant anna hebraisk, men også judeo-arabisk og judeo-persisk, og nokre av dei er opptil 1000 år gamle.

Skriftene vart funne for om lag eitt og eit halvt år sidan, men vart sidan ført ut frå Afghanistan og enda opp i antikvariat omkring i verda bunde saman i buntar.

Skriftene ser ut til å vere svært godt bevarte, noko som ikkje er heilt uvanleg, ifølgje arkeolog Nils Anfinset ved Universitetet i Bergen:

– Holer har relativt stabile temperaturar, og det gjer at bevaringsforholda blir svært gode, fortel Anfinset, som legg til at Afghanistan ikkje er heilt ukjent for denne typen av funn og gamle skrifter.

1100-talet

Basert på dateringar av nokre av skriftene er genizah-en i Afghanistan datert til å vere frå den første halvdel av 1100-talet.

Det er ikkje tidlegare gjort så store og viktige jødiske funn i dette området, og alt tyder på at funnet er autentisk, ifølgje ekspertar som har undersøkt skriftene på oppdrag frå det israelske nasjonalbiblioteket.

– Det er svært interessant at ein hadde jødiske samfunn i dette området, men ikkje overraskande. Vi må hugse på at dei har vore ein sentral faktor i handel og anna i lange tider og over lange avstandar..

– Funnet fortel oss at vi må tenke mangfald langt tilbake i tid, og kanskje ikkje så mykje i stereotypiar som vi har lett for å gjere i dag, seier Anfinset.

Israel National Library har no kjøpt 29 av skriftfragmenta, og ønskjer også å sikre seg resten av skriftene frå det unike afghanske funnet sidan mandatet til biblioteket er å ta vare på historia til det jødiske folk.

Kommentar frå Rabbi Sa'adia Gaon til Isiah 34 i judeo-arabisk

Brev med kommentar frå Rabbi Sa'adia Gaon til Isiah 34 i judeo-arabisk.

Foto: Israel National Library