NRK Meny
Normal

Jaguar kjem med hybridbil

Jaguar lanserer ein ny hybridmodell som kombinerer fire elektromotorar med gassturbinar. Bilen har ein toppfart på 320 kilometer i timen.

Jaguar C-X75

Jaguars nye hybridbil C-X75 skal ha eit CO2-utslepp på berre 0,28 gram per kilometer.

Foto: Jaguar

Sportsbilar er ikkje kjent for å vere miljøvenlege, snarare tvert imot. Men snart kan sportsbileigarar ha eit miljøvenleg alibi, for no kjem hybridmodellane av dei raske bilane.

Den nye hybridbilen Jaguar C-X75 blei lansert på bilmessa Paris Motor Show i dag. I den nye modellen har Jaguar bytta ut forbrenningsmotor med gassturbinar.

Sjå video frå lanseringa av C-X75 nedst i artikkelen.

Bilen er ein såkalla plug-in hybridbil, den nye generasjonen hybridbilar som kan ladast opp ved å stikke kontakten i veggen, i tillegg til at batteriet kan bli lada opp av forbrenningsmotoren.

Jaguar har brukt omkring 800 millionar pund på å utvikle denne miljøvenlege sportsbilen, i tillegg til dei 1 milliard pund dei bruker kvart år på å utvikle nye modellar.

– Etter 6 timars lading av litium-ion batteriet kan bilen køyre omkring 10 mil berre på elektrisitet, seier ein talsmann for Jaguar til Mail Online.

Bilen har fire elmotorar, som kvar driv sitt hjul.

Når batteriet er utlada, blir det lada opp att av to mikro-gassturbinar som også driv hjula rundt.

Hybridbilen Jaguar C-X75 har i tillegg typiske sportsbileigenskapar som at den kan nå ein toppfart på 320 kilometer i timen, og akselerere frå 0-100 kilometer i timen på 3,5 sekund.

Kombinasjon av gassturbin og hybrid

–Her er det gjort mange små genistrekar, seier forskar Lars Kolle ved Sintef Marintek i Trondheim til NRK.no. Det at elmotorane er lokalisert i kvart hjul sparer bilen for mykje tungt drivverk.

Dei lette gassturbinane i Jaguars hybridbil kompenserer for den relativt tunge batteripakken.

–Gassturbinar har generelt dårlegare verknadsgrad enn forbrenningsmotorar, men kombinasjonen av gassturbin og hybridbil gjer at gassturbinen alltid jobber optimalt, seier Kolle.

Så veldig god samvit treng ein likevel ikkje ha om ein køyrer ein Jaguar C-X75.

I følgje Mail Online kan bilen gå 900 kilometer på ein 60 L tank.

–Moderne brennstofføkomiske småbilar har langt mindre CO2-utslipp enn denne her, seier Kolle.

Det er trass alt ein sportsbil ein er snakk om.

Sjå lanseringa av CX-75 på Paris Motor Show:

Video Jaguar kjem med hybridbil