Hopp til innhold

Ipad blir lansert i Noreg tirsdag

Apple sitt lesebrett ipad kjem i sal i butikkar i Noreg i morgon, tirsdag.

Steve Jobs med Ipad

Steve Jobs sin ipad kjem i handelen i norske butikkar tirsdag 30 november.

Foto: Ryan Anson / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Apples norske pressekontakt, Andreas Rødland, stadfestar til NRK.no at Apple sitt lesebrett ipad blir i sal i Noreg i morgon.

Rødland har ikkje meir informasjon om Ipad blir tilgjengeleg i butikkar landet over.

Prisen kan Rødland heller ikkje seie noko om, men han viser oss vidare til Apple sin skandinaviske pressekontakt Petter Arnstedt.

På ein e-post til NRK.no vil ikkje Arnstedt seie noko anna enn at ipad blir lansert i Noreg i morgon.

–Nokon annan informasjon har ikkje Apple, seier Arnstedt.

Abonnementsprisar

Samtidig har både Telenor og Netcom i pressemeldingar i dag lansert prisar for abonnement på ipad.

Her er prisane på Telenors abonnement:

SurfPad M - for deg som surfer noe

Månedspris: Kr. 99,-
Inkludert data hver mnd.: 0,75 GB
Trådløse Soner: Inkludert
Binding: Nei
Etablering: Kr. 0,-

SurfPad L - for deg som surfer mye

Månedspris: Kr. 199,-
Inkludert data hver mnd.: 3 GB
Trådløse Soner: Inkludert
Binding: Nei
Etablering: Kr. 0,-

Netcom sitt abonnement er som følgjer:

Netcom abonnement for Ipad

Ipad prisplaner

Mobilt Bredbånd Kontantsurf

Mobilt Bredbånd Fastpris

Månedspris

0,-

189,-

Inkludert bruk

 

4 GB

Påfylling

1 dag / 0,5GB 29,-
1 uke / 1GB 150,-
2 uker / 2GB 200,-
4 uker / 4GB 300,-

 

Maks hastighet Ned/opp

2Mbps / 1Mbps

4Mbps / 1Mbps

Over 4 millionar selde

Verda over har Apple alleie seld over 4,2 millionar eksemplar av lesebrettet sitt.

Frå før er det omkring 50 000 nordmenn som har kjøpt seg ipad i utlandet, men ein kan vel rekne med at fleire har ein ipad på ønskjelista.