Hopp til innhold

Trappar opp overvakning etter funn av farleg reveparasitt i Sverige

Veterinærinstituttet vil samle inn fleire revar på norsk side etter svensk funn av reveparasitt som kan gi frykta sjukdom hos menneske.

Raudrev

Med funnet av parasitten revens dvergbendelorm i ein rev i Sverige, intensiverer norske myndigheiter overvakingsprogrammet for revar også her i landet.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Fram til no har fastlands-Noreg og Sverige vore spart for bendelormarten revens dvergbendelmark (sjå faktaboks i botnen av artikkelen) som lever i rovdyr som rev og ulv.

Parsitten kan gi den frykta sjukdommen ekinokokkose hos menneske (sjå faktaboks).

Men denne veka vart det rapportert at parasitten er påvist i ein rev i Uddevalla i Sverige, om lag 10 mil frå norskegrensa.

Parasitten er også kjent frå Svalbard, der han vart oppdaga i smågnagararten austmarkmus i 1999.

Overvakingsprogram

Dvergbendelorm

Revens dvergbendelorm kan i sjeldne tilfelle smitte til menneske. På biletet er vist ein vaksen bendelorm som er isolert frå ein rev i Ungarn.

Foto: Centers for Disease Control and Prevention, USA/CC

– Vi har undersøkt ca. 400 revar per år i Noreg over fleire år. Til saman har vi undersøkt om lag 1600 revar, fortel Kjell Handeland i Veterinærinstiuttet til NRK.no.

Undersøkingane er ledd i eit nasjonalt overvakingsprogram for denne parasitten som Veterinærinstituttet utfører på oppdrag frå Mattilsynet.

Prøver frå 400 nye revar er under innsamling og vil bli undersøkt i nær framtid.

I Sverige har dei eit tilsvarande overvakingsprogram. Her har dei så langt undersøkt ca 3000 revar, og i ein rev frå Uddevalla vart så parasitten funnen.

Overvakingsprogramma blir no intensivert både i Sverige og i Noreg, fortel Handeland. Fleire dyr vil bli samla inn og sjekka for denne parasitten.

Avgrensing av smitten vil hovudsakleg skje gjennom ormebehandling av hund som blir ført inn til landet. Hundar og kattar kan også vere hovudvert for parasitten på lik linje med rev.

Å avgrense at smitten spreier seg til Noreg gjennom ville dyr er mykje vanskelegare.

– Det er vanskeleg å finne tiltak som vil verke når det gjeld ville dyr, seier Handeland.

Framtida vil vise om parasitten har eit større utbreiingsområde i Sørvest-Sverige og korleis den vil spreie seg vidare, seier Handeland.

– Usedvanlig ekkel sjukdom

– Dette er ein usedvanlig ekkel sjukdom, seier Preben Ottesen i Folkehelseinstituttet til NRK.no.

Medan parasitten lever som vaksen bendelorm i tarmen hos hovudverten, oppfører den seg annleis når den kjem inn i ein mellomvert, som til dømes smågnagarar – eller menneske.

Ottesen fortel at parasitten her lever som larvar, som formeirar seg opp og dannar fleire og fleire blærer omkring i kroppen.

– Ubehandla kan dette ta livet av deg, seier Ottesen. Blærene må skjerast ut kirurgisk. Det finst nokre medisinar, men ein som løyser heile problemet eksisterer ikkje.

Få blir smitta

Preben Ottesen

Preben Ottesen ved folkehelseinstituttet seier det er liten grunn til å frykte smitte av revens dvergbendelorm til menneske, også om parasitten skulle spreie seg til Noreg.

Foto: Folkehelseinstituttet

Ottesen understrekar likevel at det er svært få som får denne sjukdommen, også i land der parasitten finst. Her er folk vande til å gjere mottiltak som til dømes å gi kjæledyra jamlege ormekurar.

Det er kjæledyr som er den største smittefaren for menneske, då vi kan få i oss egg frå bendelorm hos kjæledyret.

– Når det gjeld å få i seg smitte gjennom sopp eller bær skal ein vere utruleg uheldig, seier Ottesen.

Det kan teoretisk vere avføring med egg på bær og sopp, men dette er altså svært lite sannsynleg.

Parasitten dør også ved varmebehandling, så dersom ein syltar bær eller forveller soppen, er ein heilt sikker på at ein ikkje utset seg for smitte, fortel Ottesen.

– Eg kjem til å plukke blåbær til hausten, seier Ottesen, som også understrekar at parasitten enno ikkje er funne i Noreg, og at den førebels berre er funne i ein rev i Sverige.