NRK Meny
Normal

Ildflugers lys fanga av kamera

I eit skoglandskap nær Nürnberg i Tyskland har ein amatørfotograf tatt desse sjeldne bileta av ildflugers lysande flukt mellom trea.

Amatørfotograf og fysikar Kristian Cvecek busett i Erlangen nær Nürnberg i Tyskland set opp kameraet i skogen nær heimen sin for å forevige ildfluger. Han har brukt fire år på å ta desse bileta.

–Sidan eg ikkje har moglegheit til å gå ut i skogen kvar kveld har eg kun ei begrensa mengde netter til å ta bilete av dei, så det krevde stor uthaldenheit å få dei bileta eg ville ha, seier Kristian Cvecek.

Ildfluger er insekt i billeordenen som kan sende ut lys. Lyset blir produsert ved kjemiske prosessar i spesielle lysorgan i bakkroppen.

Det er eit kjemisk stoff i bakkroppen, luciferin, som reagerer med oksygen med hjelp av enzymet luciferase og produserer lys.

Fenomenet kallast bioluminescens, og er også kjent frå organismar i havet, der plantkton produserer morild.

Sankthansorm

Cvecek fortel at i mange regionar går ildflugene under namnet santkhansorm, fordi dei dukker opp omkring santkhans, natta mellom 23. og 24. juni.

- Avhenig av veret kan dei byrje å fly tidlegare i månaden og så flyr dei omking i 3-4 veker, legg Kristian til.