Hopp til innhold

Historisk ubåt på rett kjøl

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ubåten H.L. Hunley som er den første ubåt som har senka eit skip, er snudd for første gong på 150 år. Sjå timelapse-video av den tre dagar lange "snuoperasjonen".

Confederate Paintings

Maleri av ubåten H.L. Hunley.

Foto: Alan Thompson Photography / Ap

For første gong på 150 år er det no mogleg å sjå ubåten H. L. Hunley slik han var før han drog ut på sitt aller siste tokt.

Ubåten frå den amerikanske borgarkrigen har nemlig blitt snudd riktig veg, og har komme på rett kjøl igjen.

Sidan han forliste på mystisk vis med heile mannskapet i 1864 har ubåten ligge på botnen i ein vinkel på 45 grader. I år 2000 vart ubåten heva, men har sidan då blitt oppbevart i den posisjonen han sokk i for ikkje å skade ubåten.

– Dette er ein fantastisk dag for prosjektet. Snart har både publikum og forskarar uhindra utsikt til ubåten. Kanskje kan vi også finne avgjerande bevis i denne nyleg blottlagte delen av ubåten, sa senator Glenn McConnell som er styreleiar i Hunley Commission.

Nervepirrande operasjon

Det har heile tida vore målsettinga å snu den gamle ubåten på rett kjøl, og etter to års planlegging klarte restaureringsteamet i slutten av juni i år kunststykket å snu den 7 tonn tunge ubåten frå den amerikanske borgarkrigen.

Sjølve prosessen med å snu båten tok heile tre dagar. Teamet tok berre sjansen på å snu den skjøre ubåten millimeter av gongen.

Undervegs nytta teamet datamaskiner og lasermålarar for å sikre riktig vektfordeling og hindre at ubåten vart skeiv.

– Eg kan trygt seie at vi alle pusta kollektiv letta ut då roteringa var gjennomført. Vendinga gjekk etter planen, og ubåten er heilt uskadd, sa Mike Drews, direktør ved Warren Lasch Conservation Center ved Clemson University i ei pressemelding.

Sokk tre gonger

Confederate Submarine

Biletet viser H.L. Hunley liggande på sida i 45 graders vinkel før operasjonen starta.

Foto: Bruce Smith / Ap
Confederate Submarine

H.L. Hunley på rett kjøl etter 'snuoperasjonen'.

Foto: Bruce Smith / Ap

H.L. Hunley vart bygd av Sørstatane for å seinke skip frå Nordstatane som blokkerte hamnene i sør.

Å vere mannskap på H. L. Hunley var svært risikabelt. Ubåten hadde ikkje anna luftforsyning om bord enn den lufta som fylte hovudseksjonen i båten, og ubåten sokk ved heile tre høve.

I det første forliset omkom fem av eit mannskap på ni menn då båten skal ha dykka medan lukene framleis var opne i august 1863.

Omkring ein månad seinare, i oktober 1863, omkom heile mannskapet på åtte under eit prøvedykk. Blant mennene som omkom var også sørstatsmannen Horace Lawson Hunley som var ein av dei som hadde finansiert skipet.

Utruleg nok melde likevel nye menn seg frivillige til å danne eit tredje mannskap på ubåten.

Seinka nordstatsskip

17 februar 1864 gjekk H.L. Hunley inn i historia som den første ubåten som klarte å senke eit skip då mannskapet om bord torpederte nordstatane sitt krigsskip USS Housatonic.

Men etter å ha signalisert til land om at oppdraget var utført, forsvann ubåten og mannskapet sporlaust i vassmassene.

Først i 1995 vart ubåten avdekt under eit tjukt lag av mudder på havbotnen.

Kanskje kan det vidare restaureringsarbeidet av H.L. Hunley også avdekke kvifor ubåten forliste etter den vellukka operasjonen.