Hopp til innhold

Hindrar taxisjåførar i Praha i juks

Turistar og fastbuande i Praha kan no unngå å blir lurt av taxisjåførar. Ein virtuell taxameter-applikasjon til mobilen reknar ut køyrelengda og riktig pris.

CZECH-TRANSPORT-TAXI

Å ta taxi i Praha har lenge vore ein risikabel affære, då det er mange uærlege taxisjåførar i byen.

Foto: MICHAL CIZEK / AFP

CZECH-TAXIS

Prahas borgarmeister Pavel Bem forkledd som turist går her inn i ein taxi i 2005 i ein aksjon mot korrupte taxisjåførar.

Foto: - / AFP

Dei fleste som har besøkt Praha har berre gode minne frå den vakre byen.

Men taxituren kan ha lagt ein dempar på besøket, då taxisjåførar i byen er kjent for å ta for mykje betaling.

Enkelte uærlege drosjesjåførar har brukt falske taksameter som tar høgare takst, dei har tatt dei lengste rutene til motakarstaden, og dei har nekta å gi kvittering.

I følgje Los Angeles Times skal ein sjåfør også ha installert leidningar i baksetet så han kunne gi elektriske støt til vanskelege passasjerar.

Virtuell taksameterapplikasjon for mobil.
Foto: Et Netera

Rådhuset i Praha har no samarbeida med firmaet Et netera om å utvikle ein virtuell taksameter-applikasjon for mobiltelefon som kan hjelpe med å få bukt med det pinlege problemet.

–Alle kan no finne ut av om sjåføren prøver å lure dei, mens dei sit i taxien, seier selskapet Et netera i ei pressemelding.

Den virtuelle taksameter-appen verkar slik at kunden oppgir gyldig tariff ved starten av køyreturen, og appen vil så nytte satelittnavigasjon til å rekne ut riktig pris.

I tillegg vil appen også kunne gi drosjekunden tips og anbefalingar for typiske køyreruter og prisar, og gi kunden moglegheit til å ta bilete og rapportere ein uærleg sjåfør.

Appen kan lastast ned gratis for publikum, og vil forhåpentlegvis skremme Prahas drosjesjåførar til å bruke riktig takst.