Hopp til innhold

Her treffer Philae kometen

Sjå dei første bileta av Philaes møte med kometoverflata.

Philaes landing

Biletet til høgre viser støvskya som virvla opp i det Philae trefte overflata av kometen 67P første gong.

ESA har sendt ut bilete som viser kvar landingsfartøyet trefte bakken første gong. Det var først nyleg teamet fekk tilgang til bileta som var tatt av Rosettas NavCam-kamera like etter landing. Bileta vart frigitt på ESAs Rosetta-blogg søndag.

Ifølgje BBC spratt Philae heile ein kilometer ut i rommet etter det første møtet med overflata. Deretter skal fartøyet ha treft bakken heile to gongar til, før det landa fleire hundre meter bortanfor.

– Trass den uplanlagte trippel-landinga verka alle instrumenta, og no er det tid for å finne ut kva vi har fått, sa landingssjef Stefan Ulamec i ESA i ei pressemelding.

Fredag kveld gjekk landingsfartøyet Philae tom for batteri etter nesten 57 timar på kometen 67P/Tsjurimenko-Gerimenko.

Heldigvis rakk sonden å sende frå seg data frå instrumenta om bord før han gjekk ned for teljing. Rosetta hadde siste kontakt med Philae klokka 01.36 natt til laurdag.

Norske forskarar involvert i analysar

Vitskapsfolk er no i full gang med å studere data frå Philae,– Vi vil kunne vente dei første resultata i løpet av dei neste vekene, fortel direktør ved Norsk Romsenter, Bo Andersen til NRK.no.

Han fortel at også norske forskarar frå Institutt for fysikk ved Universitetet i Oslo er involvert i analysar av materialet frå Philae.

Andersen er svært spent på analysane av boreprøvane som Philae har tatt.

Men det mest spennande eksperimentet for Andersen er "røntgenbileta" av kometen som Philae og Rosetta har tatt saman.

Før Philae gjekk i dvale sende landingsfartøyet ut radiobølgjer som gjekk gjennom kometen og vart tatt i mot av Rosetta på den andre sida av rom-objektet. Dette kan gi forskarane ein unik innsikt i oppbygginga av kometen 67P.

Philae rakk berre å få med seg to omløp av kometen i løpet av tida batteria rakk, men Andersen har tru på at landingsfartøyet kan vakne til liv igjen slik at ein kan få resultatet frå fleire omdreiingar.

– Kan vakne igjen til våren

Her er Rosetta no

Illustrasjonen viser kvar kometen 67P og Rosetta er i solsystemet november 2014. Kometen vil komme dobbelt så nær sola i løpet av 2015.

Foto: ESA

– Vi skjønte at den ville gå tom for batteri raskt. Derfor var det lagt opp til at han skulle gjere primærvitskapen i løpet av dei timane han hadde. Men eg har store forhåpningar til at han vil vakne til live igjen, seier Andersen.

Han har rekna på det, og meiner at det er gode sjansar for at Philae vil ha nok energi til å starte opp igjen til våren, når kometen er nærare sola.

– Philae treng 5,5 watt for å starte opp, og når ein i utgangspunktet hadde ein firedel så mykje lys på solpanela som nødvendig skal det ikkje mykje til før vi får nok energi, seier Andersen.

Før ESA mista kontakt, klarte dei å gi Philae beskjed om å løfte seg om lag 4 cm og rotere 35 gradar slik at solpanela no er plassert i ein betre stilling. Dette vil gi om lag 1,5 gongar større effekt frå sollyset som treffer landingsfartøyet.

I tillegg vil kometen på vårparten vere dobbelt så nær sola som den er no, noko som åleine vil gi Philae fire gongar så mykje effekt av sollyset.

13. august neste år har kometen 67P/Tsjurimenko-Gerimenko den næraste passeringa av sola. Den vil då vere litt nærare sola enn det vår eigen planet er.