Hopp til innhold

Satellittstyrt observert frå land

Her fall satellitten GOCE ned.

Satellittstyrt sett frå Falklandsøyene

Denne lysande kula er satellitten GOCE som brenn opp over Falklandsøyene.

Foto: Bill Chater @Cheds23 /Twitter

ESAs satellitt GOCE styrta mot jorda natt til måndag, og heilt fram til det siste var det uvisst kvar og når satellitten ville gå inn igjen i atmosfæren og styrte mot bakken.

No viser det seg at satellittens glødande ferd gjennom atmosfæren og ned igjen på jordoverflata vart observert og fotografert frå Falklandsøyene av Bill Chater alias @Cheds23.

På Twitter fortel Chater at han køyrde sørover i skumringen, då han såg satellitten dukke opp i sør med ei lysande stripe etter seg om lag klokka 21.20 lokal tid, (klokka 02.30 norsk tid).

Satellitten braut først opp i to stykke, før han gjekk i fleire bitar og forsvann mot nord.

Laster Twitter-innhold

ESA stadfesta seint i går at denne eldkula verkeleg var GOCE, og gratulerer @Cheds23 med å ha fanga hendinga på kamera.

Laster Twitter-innhold

Norsk radar i kontakt med GOCE

GOCE-satellitten

Slik såg GOCE ut mens den var i bane rundt jorda. Satellitten vart kalla ein rom-Ferrari på grunn av si elegante utforming.

Foto: AOES Medialab/ ESA

GOCE-leiar, norske Rune Floberghagen, sa til NRK at det var svært vanskeleg å berekne krasj-tidspunkt og -stad, fordi det var så mange usikkerheiter knytt til banen til satellitten.

Likevel var han klar på at det eksisterte ein liten risiko for menneske:

– Sjansen for vinne i lotto er atskilleg større enn å få GOCE i hovudet. Risikoen er svært, svært liten, men ikkje null.

Fram mot styrten var derfor alle tilgjengelege radar-ressursar verda over sett av til å følgje banen og korleis han utvikla seg.

Blant anna var Norsk Romsenter sin TrollSat-radar i Antarktis i kontakt med GOCE så seint som klokka 23.42 norsk tid.

Laster Twitter-innhold

ESA anslår at satellitten fall ned i Atlanterhavet sør for Falklandsøyene, 60 grader vest og 56 grader sør.

GOCE-styrtstad
Foto: Skjermdump/Google map

Romskrot

ESA hadde heile tida planlagt at satellitten skulle ned på bakken etter avslutta oppdrag, som eit ledd i organisasjonens ansvar for å rydde opp i romskrot.

–Romskrotproblematikken har vekse dei siste åra, og blir tatt svært alvorleg av alle romorganisasjonar, sa Floberghagen.

– Vi må sørge for at satellittar blir sendt tilbake til jorda, og når dei blir sendt tilbake må vi sørge for at risikoen er liten, sa Floberghagen.