Hopp til innhold

Her blir ei stjerne fødd

«Lagunetåka» er ei kosmisk kuvøse. Stjerner blir fødde her - og kanskje blir det danna planetar og solsystem.

Video NASA zoomer inn på Lagoon Nebula

NASA zoomar inn på «Lagunetåka».

Kokong

Ei stjerne med ein gassring rundt seg, som ei kosmisk kuvøse...

Foto: NASA
DOUNIAMAG-FILES-US-HUBBLE-SPACE TELESCOPE

...fotografert av Hubble-teleskopet.

Foto: - / Afp

Dette nye biletet viser hjartet av «Lagunetåka», ei stjernesky i stjernebiletet Skytten.

Det vi ser, er ei enorm sky av glødande støv og gass som blir bombardert av intens stråling frå varme og nye stjerner inne i stjernetåka

Dei spektakulære fargane kjem av at ultrafiolett stråling lyser opp den omkringlinggande gassen og fargar han, skriv NASA.

Stjerner i sikte

– Vi ser det vakre som universet har klart å produsere. Etter at Hubble-teleskopet vart reparert, får vi enda betre bilete frå verdsrommet. Det er fantastisk at vi no kan sjå stjerner bli fødde, seier seniorrådgjevar Pål Brekke ved Norsk Romsenter.

«Lagunetåka» ligg 4-5000 lysår unna vårt solsystem og strekk seg ut over 100 lysår. Inne i skya blir nye stjerner sakte danna av partiklar og gass som samlar seg.

Kanskje nye planetar

Rommet mellom stjernene i verdsrommet inneheld mykje gass og små støvpartiklar. Nokre av gasskyene kan vi sjå på nattehimmelen som lysande flekkar. Det er desse som blir kalla tåke etter det latinske ordet for sky, nebulae.

I «Lagunetåka» blir det stadig fødd nye stjerner, og kanskje vil nokre av desse nye stjernene også danne planetar.

Bilete frå Hubble-teleskopet

Ei enorm sky av glødande støv og gass inne i «Lagunetåka».

Foto: NASA, ESA

– Gassrestar rundt den nyfødde stjerna blir blese vekk av nærliggande stjerner. Om dette ikkje bles heilt vekk, kan materien samle seg og bli til planetar, slik vårt eige solsystem vart til for 4,5 milliardar år sidan, seier Brekke.

20 år med bilete

Hubble-teleskopet har teke meir enn ein halv million bilete sidan oppstarten i 1990, og sender stadig nye bilete får verdsrommet. Etter 20 år på reise, sender det avanserte kameraet framleis blinkskot tilbake til NASA.

– Bileta gjer at vi får betre forståing av korleis universet vart skapt og kanskje til og med kvar vi kjem frå, seier Brekke.

Stjernetåka har fått sitt namn frå det breie, laguneforma mørke bandet i midten av tåka, som er synleg i videoen.

Grafikk av stjernesky

Ei sterk og ung stjerne bles vekk mykje av gassen som ligg rundt den vesle nyfødde stjerna. Om noko av gassen blir igjen rundt denne, kan det bli danna planetar.

Foto: NASA