NRK Meny
Normal

Aldri har ein frittflygande planet blitt oppdaga nærare jorda

Astronomar har oppdaga planet utan moderstjerne 100 lysår unna jorda.

Hjemløs planet CFBDSIR2149

Planeten CFBDSIR2149 er den mest spennande og næraste frittflygande planeten vi veit om til no.

Foto: L. Calçada, P. Delorme, Nick Risinger, R. Saito, European Southern Observatory/VVV Consortium

Et team av kanadiske og europeiske astronomar har identifisert ein vandrarplanet som ikkje går i bane omkring ei moderstjerne.

Dette er det den mest spennande og aller næraste frittflygande planetkandidaten ein veit om til no, skriv European Southern Observatory i ei pressemelding.

Planeten som har fått namnet CFBDSIR2149 er oppdaga i ei avstand av 100 lysår frå jorda.

Oppdaginga er gjort ved hjelp av data frå Canada-France-Hawaii-teleskopet (CFHT) og European Southern Observatory’s Very Large Telescope (VLT).

Sjå videosekvens som viser den frittflygande planeten først i vanleg lys, deretter i infraraudt lys. Objektet er så kaldt at det berre ville gløde svakt med ein djup raud farge på eit nærbilete tatt i synleg lys.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Funne i stjernegruppe

Frittflygande planetar er planetstore objekt som streifar gjennom universet utan å vere bunde av tyngdekrafta til ei moderstjerne slik som vår eigen planet er.

Moglege døme på slike vandrarplanetar er funne tidlegare, men ingen så nær som denne planeten. Astronomar trur også at frittflygande planetar kan vere svært talrike, og har berekna at det kan vere dobbelt så mange av slike type planetar som av stjerner.

Planeten er funne saman med ei gruppe unge stjerner kalla AB Doradus Moving Group.

Medlemsstjerne flyg gjennom rommet saman og astronomane trur at dei har blitt danna på same tidspunkt. Dersom det nyoppdaga objektet høyrer til denne vandrande gruppa betyr det at han er eit ungt objekt som forskarane kan finne ut meir om.

– Det er lenka mellom planeten og AB Doradus som har gjort oss i stand til å berekne alderen og klassifisere objektet som ein planet, forklarar astrofysikar Lison Malo.

Infraraudt bilete av den frittflygande planeten CFBDSIR2149

Den heimlause planeten er synleg som ein svak blå prikk i midten av dette inraraudtbiletet. Biletet er tatt med ESOs New Technology Telescope ved La Silla-observatoriet i Chile.

Foto: P. Delorme, European Southern Observatory/NRK

– Som å studere ei eldfluge

Dette er det første isolerte objekt med masse på linje med planetar som nokosinne er identifisert i ei vandrande stjernegruppe.

Tilknytinga til denne gruppa gjer det nye objektet til den mest interessante frittflygande planetkandidaten til no, skriv ESO i pressemeldinga.

Fordi avstanden til planeten er forholdsvis liten i astronomisk forstand, og kloden ikkje har ei lyssterk stjerne like ved har astronomane kunne undersøke atmosfæren i detalj.

– Å leite etter planetar omkring stjerner er som å studere ei eldfluge som sit ein centimeter frå ein fjern og kraftig lyskastar, seier hovudforfattaren av forskingsartikkelen, Philippe Delorme ved Institut de planétologie et d'astrophysique de Grenoble, CNRS/Université Joseph Fourier i Frankrike.

– Dette nære frittflygande objektet gir oss moglegheit til å undersøke eldfluga i detalj utan å bli fullstendig blenda av den sterke lyskastaren, seier han.