NRK Meny
Normal

Har funne sju mystiske krater i Sibir

Russiske forskarar lenkar krater-fenomen i Sibir til klimaendringar. – Det er fysisk umogleg for klimaendringane å ha forplanta seg så djupt, seier norsk geolog.

Krater i Sibir

Dette krateret er eitt av sju hol i bakken som nyleg er oppdaga i Russland.

Foto: VASILY BOGOYAVLENSKY / NTB Scanpix

Ei rekke "uforklarlege" djupe krater i Sibir har fått stor merksemd i media sidan i fjor sommar.

Nyleg vart det oppdage nok eit stort krater på 1 kilometer i diameter, ifølge The Guardian. Talet på giganthol i bakken er dermed komme opp i totalt sju.

– Ved hjelp av bilete har vi identifisert minst sju krater, men det er mest sannsynleg snakk om mange fleire, seier Vasily Bogoyavlenski til nyheitsbyrået AFP. Bogoyavlenski er direktør for olje- og gassforskingsinstuttet ved Det Russiske vitskapsakademiet.

Forskarar skal ha lenka det mystiske fenomenet til klimaendringar og tining av permafrosten.

Det er geolog Hans Amundsen svært skeptisk til.

– Det er fysisk umogleg for klimaendringane vi har hatt dei siste hundre åra å forplante seg ned på denne djupna, det vil ta enormt lang tid, seier Amudsen til NRK.

Samanliknar med vulkanutbrot

Jamalo-Nenetsk-regionen i Russland

Kratera er funne i Jamalo-Nenetsk-regionen i det nordvestlege Russland.

Foto: Google maps

Det er knytt bekymring til utslepp av metan som er fanga i permafrosten i Sibir, då metan er ein svært effektiv klimagass.

Men Amundsen meiner det er liten grunn til å frykte metanutsleppa frå dette fenomenet.

– Viss vi hadde klart å smelte permafrosten heilt ned, kunne vi ha fått ein effekt, men det er lite truleg, seier han.

– Permafrosten i dette området strekker seg 400–500 meter ned i bakken. Viss du aukar temperaturen i lufta så kan det ta tusenvis av år før det merkast titals meter under bakken.

Leirvulkan

Ut frå bileta og skildringane av fenomenet meiner han at det må vere snakk om eit fenomen som liknar på leirvulkanar som ein har i andre område med olje- og gassførekomstar, til dømes i Aserbajdsjan.

Hovudårsaka til fenomenet er gassutbrot frå langt nede i grunnen. Det byggjer seg opp stort trykk av gass i reservoar under bakken, som til slutt eksploderer og etterlet seg eit hol der overflata gav etter.

– Dette er nok ikkje noko nytt i dette området, men er eit fenomen som har ein veit har vore der i lang tid tilbake, seier Amundsen.

– Jorda driv og raper metan med ulike mellomrom.