NRK Meny
Normal

Hans genar er bevart i deg og meg

Ein ny studie viser at dei eldste europeiske genane overlevde istidene, og går minst 36.000 år tilbake i tid.

Hovudskallen til Kostenki-fossilet

Denne 36.000 år gamle russiske hodeskallen er i slekt med oss.

Foto: Peter the Great Museum

Eit internasjonalt team av forskarar har studert arvematerialet frå fossilet av ein mann som levde i det vestlege Russland i yngre steinalder.

Studien som er publisert i Science viser at moderne europearar er etterkommarar etter folk som alt fanst i store delar av Europa så langt tilbake som for 36.000 år sidan.

Oppfatninga fram til no har vore at dagens moderne europearar blei til frå hovudsakleg tre folkevandringar. Studien viser ifølgje forskarane at dette ikkje stemmer.

Kostenki-fossilet

Ei teikning som viser korleis fossilet låg då det vart funne.

Foto: Philip Nigst, University of Cambridge

Kom ikkje inn nye genar

Det er særleg nordeuropearars arvemateriale som viser størst slektskap med genomet til denne steinaldermannen som er funne i Kostenki i Russland (sjå faktaboks).

Over ein periode på om lag 30.000 år gjekk Europa gjennom svært dramatiske endringar i klima. Tjukke lag av is kom og gjekk. På det meste, under siste istids maksimum for mellom 18.000-25.000 år sidan, dekka islaget heile to tredelar av Europa.

Med islaga døydde gamle kulturar ut i løpet av årtusena, mens nye oppstod.

Men trass dei ekstreme forholda viser dette funnet at det genetisk sett var dei same menneska som haldt til i Europa gjennom heile denne perioden.

– Vi veit no at det ikkje kjem inn nye genar, desse endringane i overleving og kultur er alle bygd over den same biologiske bakgrunnen, fortel Lahr.

– Det er først når jordbruksfolk frå det nære austen kom til Europa for om lag 8000 år sidan at den europeiske befolkninga vart endra i betydeleg grad, fortel Lahr.

Kan gi svar på Neandertal-gåte

Studien gir også større innsikt i når menneske og neandertalarar sist blanda genar, for det gjorde vi altså.

Kostenki-fossilet ser nemleg ut til å ha ein større del av intakte neandertalgenar enn det vi moderne Europearar har, noko forskarane meiner tyder på at fossilet er nærare tidspunktet då neandertalarar og menneske sist delte genar.

Forskarane rekna seg så tilbake til at dette må ha skjedd for om lag 54.000 år sidan.

Nylege studiar av eit 45.000 år gammalt fossil frå Sibir som har endå lenger DNA-segment frå neandertalar støttar denne teorien, meiner forskarane.

Teknologisk imponerande

Professor Erika Hagelberg ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo. Hagelberg er norsk ekspert på såkalla "ancient DNA", og ho har ikkje vore involvert i studien.

Ho synest forfattaranes funn når det gjeld tidlege europeiske flyttingar gir meining, og er interessant.

– Det er interessant, men ikkje revolusjonerande, då det støttar teoriar som ein del kloke menneske alt har tenkt, seier Hagelberg til NRK.no.

– Det som er verkeleg imponerande er teknologien, og det faktum at vi no kan sjå på DNAet til svært gamle menneskefossil. Dette er eitt av dei tidlegaste menneska som liknar oss anatomisk som vi har fått DNA frå, seier ho.