NRK Meny

Klimarapport: Halvparten av humleartane i Europa kan forsvinne innan 2100

– Noreg kan bli reservoar for humler som forsvinn ut andre stader, seier norsk forskar.

Kløverhumle

I takt med eit varmare og tørrare klima vil mellom 9 og 34 europeiske humleartar stå i fare for å døy ut, viser ny klimarapport.

Foto: Frode Ødegaard, NINA

Artikkelen er mer enn to år gammel.

I ein ny klimarapport har forskarar berekna kor stor toleranse dei europeiske humleartane har for klimaendringar.

Avhengig av kva klimasencario og spreiingsmodell ein legg til grunn finn forskarane at mellom 9 og 34 humleartar vil stå i fare for å forsvinne heilt frå Europa innan hundreårsskiftet.

Berre tre artar vil kunne oppleve positive effektar.

Frode Ødegaard

Humleforskar Frode Ødegaard.

Foto: Anniken Sande / NRK

– Humler er ei artsgruppe som er svært sårbare for klimaendringar, sidan dei stort sett er tilpassa eit kaldare klima, fortel seniorforskar Frode Ødegaard ved Norsk institutt for naturforsking, NINA.

Han er ein av 25 forskarar som har samla inn meir enn ein million humleobservasjonar i Europa. Desse observasjonane har så blitt brukt til å modellere korleis humleframtida vil sjå ut.

– Vi veit at på ein global skala får 85 prosent av alle planteartar sin frøproduksjon auka av pollinatorbesøk. Det er heilt klart at fråvær eller nedgang i humler vil kunne få stor betydning i Noreg og elles der humler i dag er vanlege, seier entomolog Tone Birkemo ved Norges universitet for miljø- og biovitenskap. Ho har ikkje vore involvert i arbeidet med rapporten.

– Naturlege pollinatorar er meir effektive enn honningbier, så å auke honningbier vil ikkje fullt ut kunne vege fullt opp for tap av humler, seier ho.

– Noreg kan bli reservoar

Dronning av tundrahumle, Bombus hyperboreus, på vei til blomstrende vier på Hjerkinn i Dovre.

Humlene som lever høgt til fjells får det svært tøft i takt med varmare klima. Alt i dag finn ein fjellhumler meir enn 100 høgdemeter lenger opp i fjellet enn ein gjorde for berre nokre tiår sidan. På biletet ser vi tundrahumla.

Foto: Jan Ove Gjershaug / NINA

– Noreg kan bli optimale leveområde for artar som forsvinn lenger sør i Europa, men det krev at artane klarar å spreie seg hit. For dei fleste artane vil det vere usannsynleg, seier Ødegaard.

Likevel klarar nokre få artar å ta seg hit. I 2013 vart arten sibirhumle første gong registrert i Noreg.

– Det er kanskje eit forvarsel på kva som kjem til å skje. Vi vil få fleire artar i Noreg, mens mange artar vil forsvinne frå Europa, seier humleeksperten.

Folk flest kan bidra

Ødegaard fortel at klimaendringar råkar humlene ekstra hardt når dei verker saman med andre faktorar, som lite mat.

Derfor hjelper det å auke tilgangen på mat for humlene.

– Vanlege folk kan for eksempel sette av ein bit av plenen som dei lar gro og slår berre ein gong i året. Det gir både mindre arbeid, og er bra for humlene, fortel Ødegaard.