Dette går fram av eit forskingsprosjekt som er gjennomført av Norsk senter for bygdeforskning og Statens institutt for forbruksforskning. Målet er å forstå og forklara kvifor folk handlar på grensa. Det er første gong det blir gjort ein vitskapleg studie av grensehandelen sett frå kundane si side.
Forskarane har observert og intervjua nordmenn på Svinesund og på grensa mellom Troms, Finnmark og Finland. Ved Svinesund er det òg gjennomført ei omfattande spørjeskjema-gransking. Det er Norges Forskningsråd som finansierer prosjektet.
Myteknusing
På mange vis er grensehandlaren eit gjennomsnittsmenneske. Når det gjeld kjønn, inntekt og alder, finn forskarane ingen skilnad mellom grensehandlarane og normalbefolkninga. Myten om grensehandlaren som pensjonist eller trygdemottakar med dårleg råd, er altså berre ein myte.
Tilbud på "saunaskinke"
Politisk protest
Men når det gjeld politisk haldning, er det store skildnader mellom grensehandlarane som gruppe og nordmenn generelt: Dersom det var opp til nordmenn på Svinesund, hadde Framstegspartiet hatt regjeringsmakta her i landet. Åleine. 51 prosent av dei spurde seier at dei ville ha stemt på Frp dersom det var val i morgon.
Politikarforakten er svært tydeleg, og grensehandlarane er særdeles misnøgde med den norske avgiftspolitikken. 95 prosent av grensehandlarane seier at det er altfor høge avgifter i Norge, og like mange meiner at politikarane har seg sjøl å takka for handelslekkasjen til Sverige.
Forskarane meiner derfor at handelen på grensa kan sjåast på som ei politisk protestrørsle med betydeleg omfang. Grensehandel er politisk forbruk.
Gullegget
Skal ein prøva å forstå grensehandel som fenomen, kjem ein ikkje utanom den særeigne koplinga mellom handel og tur. ”Vi tar det som ein tur” var eit typisk omkved då forskarane intervjua nordmenn med fulle handlekorger på Svinesund.
Sosialantropolog Gro Follo meiner det er meiningslaust å stempla grensehandel som "Harry"
- For dei svenske butikkane er dette verkeleg eit gullegg, seier sosialantropolog Gro Follo. Når ein er på tur, er rekneskapen heilt annleis enn når ein handlar på nærbutikken heime. Ein har god tid, pengebruken er lausare. Og skulle ein slumpa til å gjera ein dårleg handel, så er det liksom ikkje så farleg, for vi fekk jo iallfall ein tur! Og sidan turen har ein verdi i seg sjøl, blir det meiningslaust å dra inn reiseutgifter i totalrekneskapen. Som ein av mine informantar sa det: ”Reiseutgiftene går på kosepotten”.
- Harry er ikkje på Svinesund!
Gro Follo meiner det er heilt meiningslaust å stempla grensehandel som ”Harry”.
Eg er i min fulle rett til å tenkja på meg sjøl!
- Slik dei norske kundane sjøl ser det, er grensehandel både rasjonelt og fornuftig. Dei kan dra på tur. Dei oppfattar varene som billege. Og dei meiner at dei er i sin fulle rett til å tenkja på seg sjøl og sitt eige hushald og ikkje på AS Norge. Kvifor skulle dei då la vera?
Ei anna slags grense
Grensehandelen i Troms og Finnmark skil seg på avgjerande vis frå svenskehandelen, og ikkje berre når det gjeld omfang.
Grensehandel i Finland
Både nordmenn og samar har ei reint praktisk tilnærming til det å handla over grensa, viser forskingsrapporten. Dei handlar fordi dei på denne måten kan få tak i billegare tobakk, øl eller kjøt. Eller dei handlar fordi dei dreg forbi på grunn heilt andre gjeremål. Dei skal på tur på fjellet eller kanskje vitja ein onkel i Finland. Sinnet mot politikarar og avgifter er så godt som heilt fråverande, fortel forskarane.
Sendt torsdag 15. mai kl 19:30 på NRK1