Hopp til innhold

Google lanserer verktøy for data-sletting etter døden

– Eit prisverdig initiativ. Dette dekker heilt klart eit behov, seier professor i rettsinformatikk.

Google

Med Googles nye teneste kan brukarar sjølv bestemme kva som skal skje med dokument, bilete og e-postkonto etter døden.

Foto: KAREN BLEIER / NTB Scanpix

Vi legg stadig meir privat innhald på sosiale nettstader, og datalagringsstader i cyberspace. Likevel er det svært få av oss som har tenkt over kva som skal skje med dette etter at vi er døde.

Som eit svar på dette lanserte Google 11 april verktøyet Inactive Account Manager som gjer det mogleg for brukarar å planleggje sletting av innhald på Google-tenester etter døden.

Ifølgje BBC er Google det første store selskapet som tar fatt på dette ømtolige temaet.

Tenesta gjer det mogleg å slette alle data etter ei viss tid, eller å sende det vidare til utvalde kontaktar som du sjølv har lagt inn.

– Vi håpar denne nye tenesta vil gjere deg i stand til å planleggje ditt digitale liv etter døden, på ein måte som vernar om ditt privatliv og tryggleik, og gjer livet enklare for dei etterlatne etter at du er borte, seier selskapet i ein blogg.

– Bør tenke over at brukarane kan dø

– Eit prisverdig initiativ, dette dekker heilt klart eit behov, seier professor i rettsinformatikk Jon Bing til NRK.no.

Ifølgje Bing er det mange som har venda seg til ulike nettsamfunn for å lage ein digital minnestad eller rydde opp i dokument etter døde slektningar eller kjære.

– Om ikkje alle selskap kjem med liknande ordningar, bør ein jo tenke over at brukarane kan dø, seier Bing.

Mens vi ventar på at alle nettselskap kjem med slike tilbod rår Bing etterlatne til å vende seg til nettstadane og be dei om å redigere eller fjerne materiale på sidene til den døde. – Dette vil dei vanlegvis kunne gjere, ifølgje professoren.

Inactive Account Manager

Skjermdump som viser oppsettet til Googles nye Inactive Account Manager.

Foto: Google, skjermdump

Sende til utvalde kontaktar

Ifølgje Google skal det nye verktøyet gjere det enklare for folk å fortelje kva dei vil skal skje med deira digitale spor etter at ein dør, eller ikkje lenger er i stand til å bruke kontoen sin.

Innstillingane gjer det mogleg å bestille sletting av data etter 3, 6, 9 eller 12 månader med inaktivitet, eller du kan sende det til utvalde kontaktar som du sjølv har lagt inn.

Selskapet forsikrar også at dei vil sende ut eit varsel til eit telefonnummer eller e-post før dei slettar materialet, slik at ein kan unngå å miste alt dersom ein er fullt oppegåande, men berre ikkje har vore aktiv på nettet på ei stund.

Google eig også YouTube, fotodele-tenesta Picasa og Blogger, som også vil bli omfatta av det nye verktøyet.