NRK Meny
Normal

Gjer usynlege rørsler synlege

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Forskarar avslører naturens minste rørsler.

Dei fleste nybakte foreldre har stått musestille ved barnesenga og sett etter teikn på at barnet deira pustar. Bekymra forelder eller ikkje, dei ørsmå rørslene hos eit barn som søv er bortimot umogleg å sjå.

Men eit team av forskarar ved Massachusets Institute of Technology (MIT) har no gjort det mogleg å sjå slike usynlege rørsler gjennom eit nytt dataprogram, melder The New York Times.

For å overvake for tidleg fødde babyar utan å måtte berøre dei fysisk, utvikla MIT-forskarane ved Computer Science and Artificial Intelligence Laboratory programmet Eulerian Video Magnification.

Forsterkar ørsmå endringar

– Når vi forsterkar desse små rørslene, er det som om du kan sjå ei heilt ny verd, seier leiaren av forskarteamet, professor William T. Freeman, til New York Times.

Systemet siktar seg inn på nokre spesifikke pikslar i løpet av ein video. Bilete for bilete identifiserer programmet ørsmå endringar i farge og forsterkar desse opp til 100 gongar. Deretter legg dei desse forsterkingane tilbake i videoen.

For videoen av den sovande babyen betyr dette til dømes at ei svært lita endring av ansiktsfarge mot rosa blir forsterka til knallraudt av programmet.

Fargeendringa kan avsløre kor raskt hjartet bankar, og viser også korleis blodet når dei ulike delane av kroppen.

Interssant for pokerspelarar

Forskarane trur også at algoritmen deira kan nyttast på mange andre område, blant anna for å oppdage snart ventande samanbrot i maskiner i industri og oljeutvinning.

Forskarane har også blitt kontakta av pokerspelarar som er interessert i å kunne analysere motstandaren sin under eit spel og finne ut om dei bløffar eller ikkje.

Teamet har publisert koden for programmet på nettet og gjort det tilgjengeleg for alle som ønskjer å laste det ned.

Dei har også planar om å lage ein app for smarttelefonar basert på programmet.

– Eg vil gjerne at folk skal kunne gå omkring og sjå kva som finst omkring dei i denne verda av ørsmå rørsler, sa Freeman.