Hopp til innhold

Genmutasjon gav mus smak på alkohol

Forskarar har identifisert ein genmutasjon som førte til overdriven alkoholbruk hos mus. Funnet kan få betydning for behandling av alkoholisme hos menneske, trur forskarane.

Mus i et vinglass.

Forsøk viser at mutasjonar i eit bestemt gen fører til større hang til å drikke alkohol.

Foto: Harry Kerr / Illustrasjonsfoto: Getty Images

Forskarar har funne eit gen som regulerer alkoholinntak og som kan føre til overdriven drikking dersom det har ein feil.

Forskarar lét normale mus og mus med genetiske defektar få valet mellom to ulike drikkeflasker, ei med vanleg vatn, og ei med ein 10 prosent alkoholblanding.

Mens dei normale musene føretrekte å drikke vanleg vatn, fann forskarane at mus med ein genetisk mutasjon på genet Gabrb1 aller helst ville ha alkohol.

Opptil 85 prosent av væskeinntaket hos dei drikkfeldige musene var alkoholhaldig drikke. Dei hadde også lettare for å bli rusa enn andre mus.

Studien er utført av eit team av forskarar frå fem ulike britiske universitetet, Imperial College London og Newcastle University, Sussex University, University College London, University of Dundee samt Mammalian Genetics Unit.

–Kan føre til betre behandling

–Det er ganske utruleg at ein så liten endring i koden for berre eitt gen kan ha ein så djuptgåande effekt på ein innfløkt åtferd som alkoholinntak, seier Quentin Anstee ved Newcastle University i ei pressemelding Anstee er ein av forskarane bak studien som er publisert i Nature Communications.

–Vi held no fram med arbeidet for å kunne slå fast om dette genet har ein liknande effekt hos menneske, sjølv om vi veit at hos menneske er alkoholisme mykje meir komplisert etter som også miljøfaktorar er med her. Men det er eit verkeleg potensial for at dette kan føre fram til betre behandlingar for alkoholisme i framtida, seier Anstee.

Professor Jørgen G. Bramness ved Senter for rus- og avhengigheitsforskning, SERAF, har tru på at denne genmutasjonen også kan ligge bak tendens til alkoholisme hos menneske.

Likevel er han skeptisk til kva tyding dette kan få for menneske:

–Dei fleste oppdagingar av betydning på denne fronten blir jo gjort først i dyremodellar, og slik sett er dette begynnelsen, men overføringsverdien til menneske kjenner vi ikkje, seier Bramness til NRK.no

Fulle mus

Forskarane kom fram til genet Gabrb1 ved å introduserte små mutasjonar inn i tilfeldige stader i genomet til musene, og testa deretter kor glade musene var i alkohol.

Det viste seg at mus som hadde berre eitt av to basepar-mutasjonar i Gabrb1-genet føretrekte å drikke ei alkoholhaldig drikke framfor vatn.

Studien viser også at musene var villig til å jobbe litt for å få tak i alkohol ved å dytte på ein spake, og i motsetning til dei normale musene kunne dei gjerne gjere dette over lengre periodar på opptil ein time, slik at dei vart fulle og fekk problem med å koordinere rørslene sine.

Kick i hjernens belønningssystem

Årsaka til at musene med genmutasjonar i Gabrb1-genet vart fyllikar, skuldast at dei fekk eit større kick i hjernens belønningssystem enn det dei normale musene fekk.

Gabrb1-genet kodar for ein del av GABAA-reseptoren som er ein viktig del av hjernens belønningssystem. Forskarane fann at genmutasjonen førte til spontan aktivitet i GABAA-reseptoren, sjølv utan at det var noko som trigga aktiviteten.

Desse endringane var særskilt sterke i området i hjernens lystsenter, nucleus accumbens, som kontrollerer gode følelsar og belønning.

–Vi veit frå tidlegare studiar har vist at GABA-systemet er involvert i å kontrollere alkoholinntaket hos menneske. Den nye studien tyder på at ein særskilt eining av GABAA-reseptoren har ein signifikant effekt, og mest viktig er det at eksistensen av desse musene har gitt forskarane moglegheit til å studere mekanismen som er involvert. Dette er viktig når vi skal prøve å endre denne prosessen, først i mus og deretter hos menneske, seier professor Howard Thomas.