Hopp til innhold

Gekkofot inspirerte forskarar til å lage "Spiderman-hanskar"

Ved å sjå til naturen har forskarar utvikla handplater som gjer det mogleg å klatre oppover ein glatt vegg. – Slike materiale kan få stor nytteverdi, trur norsk forskar.

Gekko-mann

Denne mannen på 70 kilo klatra oppover glasveggen hundre gongar ved hjelp av 'spiderman-handplater'.

Foto: Stanford University/ Interface

Gekkoar er små øgler som lever i varme klima, og dei har ei evne som vi menneske misunner dei:

Gekkofot

Nærbilete av gekkoens handflate med mønsteret som gjer at den kan klatre oppover flater.

Foto: David Clements, Wikimedia Commons

– Dei har ei heilt fantastisk evne til å gå oppover ei kvar mogleg overflate, til og med opp-ned, fortel professor i fysikk, Pawel Sikorski ved NTNU til NRK.no.

Nettopp denne evna har ei gruppe amerikanske forskarar ved Stanford University hatt lyst til å overføre til menneske. Derfor har dei utvikla eit syntetisk materiale som hermar etter mønsteret på gekkoens hand- og fot-flater.

I ein ny studie viser dei at ein mann på 70 kilo klarar å klatre oppover ei glatt glasflate med hjelp av handflateplater laga i dette materialet. Dette skriv BBC.

– Gekkoens mekanisme er optimalisert gjennom tusenvis av år. Å kunne kopiere naturen og lage noko som er like bra som det naturen klarar er sjølvsagt ei utfordring for forskarar, forklarer Pawel Sikorski, som sjølv ser til naturen for å hente idear til nye materiale.

Post-it-lapp

Gekko klatrar på glasrute

Gekko av arten Uroplatus fimbriatus klatrar leikande lett oppover ei glasrute.

Foto: TimVickers, Wikimedia Commons

Andre forskarar har også herma etter gekkoen tidlegare. Men utfordringa for forskarane har vore å kunne skalere dette opp utan at gekko-effekten forsvinn. Det meiner gruppa frå Stanford å ha fått til betre no.

Sikorski samanliknar gekkoens klisterfot med ein post-it-lapp. Dersom du limer ein post-it-lapp til eit underlag og forsøker å dra den nedover underlaget, er det vanskeleg.

Drar du den derimot av i den andre retninga, er det mykje lettare. På liknande måte kan gekkoen velje å sitte «klistra» til underlaget når det passar han, men sleppe taket når han vil flytte foten.

«Klisteret» er i denne samanhengen svake krefter, såkalla van-der-waals-krefter, som verker mellom molekyla i gekko-foten og underlaget.

Utfordringa har vore å klare å skalere opp slike små post-it-lappar til eit større areal utan å miste tiltrekkingskraft på underlaget, fortel Sikorski.

Det Stanford-forskarane har gjort kan samanliknast med å lime saman eit 20-tals post-it-lappar på ein spesiell måte, slik at dei kunne bere ei større vekt.

– Stor nytteverdi

– Slike gekko-liknande materiale vil kunne ha stor nytteverdi, trur Sikorski. Ein kunne til dømes tenke seg vindaugsvaskarar som kan klatre rett oppover glasflata.

– Men dette er ganske tidleg enno, og det er ei lang veg fram til vi kan bruke dette til noko praktisk.