Sven Svebakk er professor ved Institutt for nevromedisin ved NTNU og den einaste i Noreg som driv på med løgndetektortesting.
Slik vert kurvene frå løgndetektoren
- Sjølve måleapparatet kunne du i prinsippet ha funne på eit legekontor, seier han. I ein løgndetektortest måler polygrafen til dømes blodtrykk, blodgjennom-strøyming, pust, svette etc. Dette er desse fysiologiske målingane som vert viste som kurver på skjermen. Men det som gjer det til ein løgndetektortest er sjølve spørsmåla og korleis dei vert forma ut, forklarer Svebak. Det er her det avgjeranade ligg, og det er òg dette som gjer at løgndetektortesting krev grundig fysiologisk og psykologisk innsikt, seier Svebak.
Tre spørsmålsgrupper
Spørsmåla kan tre-delast, seier Svebak
Spørsmåla kan delast inn i tre grupper: 1) Spørsmål som gjeld det du eventuelt er skulda for 2) spørsmål som er mest mogleg nøytrale - t.d kva du heiter, kjem frå etc. og så 3) kontrollspørsmål. Dette kan t.d vere spørsmål av svært privat karakter og om så private og personlege ting at du helst ikkje vil snakke om dei.
Spørsmåla er delte inn slik for å få eit samanlikningsgrunnlag på dei fysiologiske reaksjonane og målingane som etter kvart kjem ut på skjermen. Dette er tidkrevjande, og ein gjennom-snittleg løgntest kan ta opp mot 3-4 timar, seier Svebak. I tillegg må den som gjer testen ha sett seg grundig inn i personlegdomen til den som vert testa. Men med alt dette på plass meiner vi ein løgntest er omlag 97 prosent sikker.
Prøvekaninen vår hadde ikkje teiknestift i skoen
- No har forsøk vist at man kan lure ein løgndetektor ved at man til dømes legg ein teiknestift i skoen og påverker dei emosjonelle reaksjonane slik?
- Vel, seier Svebak, då har den som testar gjort eit lite grundig førearbeid. Slike ting kan ein unngå ved til dømes å be om noko så enkelt som at vedkomande tek av seg skoen før ein testar. Sjølv vi som driv på med dette, og kanskje kjenner knepa, har vanskar med å lure ein løgndetektor.
- Men det går an?
- Ja, ingenting er absolutt 100 prosent sikkert, men det kan ein vel heller ikkje seie om andre rettsmedisinske utgreiingar og det eg vil kalle "synsingar" som av og til vert brukte i norske rettssalar.
- Men det er noko som heiter "å lyge som ein trur det sjølv". Kva med dei som har alvorlege forstyrringar i psyken og faktisk trur på at det dei seier er sant - sjølv om det ikkje er det?
- Ein løgndetektortest høver ikkje for alle, og som nemt må ein gjere ei grundig vurdering av psyken til den som vert testa på førehand. Men sjølv hos dei som lyg som dei trur det sjølv, vil ein av og til kunne finne utslag. Men som sagt, slike testar kan ikkje brukast om alt og alle. Personar som til dømes har vore kraftig rusa under ei ugjerning, vil det ha lite føre seg å teste med løgndetektor, seier Svebakk.
Knardal er kritisk
Professor Knardal er kritisk til løgndetektoren
- Eg meiner løgndetektortestar som bevis, til dømes i rettsaker, er ugyldige og ubrukelege. Det seier professor Svein Knardal som er professor i psykologi ved Universitetet i Oslo og ein av dei fremste ekspertane i Noreg på nervesystemet vårt.
- Blodtrykk, svette og puls vert styrte av nervesystema våre, og på bakgrunn av det vi kjenner til om nervane sine reaksjonsmønster, er eg svært kritisk til bruk av løgndetektor, seier han.
Og det er særleg dette med kontrollspørsmål som vert eit uløyseleg problem, meiner Knardal: - Uansett kor personlege og nære kontrollspørsmåla er, vil dei aldri kunne få same utslaga som eit høgrisiko-spørsmål knytt til ei konkret sak. Eit døme: Om du har tenkt tanken om å drepe din utro ektemann/kone og får spørsmål om det, så vil det vere ubehagleg å svare eller snakke om. Men det vil likevel ikkje kunne samanliknast med det å faktisk vere tiltalt i ei drapssak, seier Knardal.
Se videoinnslaget her:
Sendt på Schrödingers Katt torsdag 16. oktober 2003.