NRK Meny
Normal

Stjernedød gav monster-eksplosjon

Ein stjerneeksplosjon som vart observert frå romteleskop i april i år er det sterkaste som nokosinne er målt, viser studiar. –Dette var hundreårets utbrot, seier astrofysikar.

Monster Cosmic Explosion

Gammaglimt er dei aller største utbrota i universet og skyldast massive stjerner som dør.

Foto: NASA Goddard Space Flight Center / NTB Scanpix

Eit monster, dette er det astronomar sjølv kallar stjerneeksplosjonen som vart observert frå blant anna NASA-teleskopet Fermi 27. april i år.

Utbrotet skuldast at ei massiv stjerne på 20–30 gongar massen til sola eksploderte i eit fyrverkeri av eit lysglimt, eit såkalla gammaglimt (sjå faktaboks).

No viser analysar at dette er det kraftigaste gammaglimtet som nokosinne er observert, ifølgje The Guardian.

–Dette var hundreårets utbrot, seier astrofysikar James Wren ved Los Alamos i ei pressemelding. Wren er medforfattar av ein av dei heile fire studiar av gammaglimtet, GRB 130427A, som er publisert samtidig i Science.

–Det er det største og kraftigaste utbrotet som har skjedd på 20 år, kanskje også lenger, seier Los Alamos-forskaren.

– Ekstreme energimengder

– Dette var eit ekstremt interessant gammaglimt, det var tydeleg i same augneblink som meldingane kom til jorda i april, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK.no.

Gammaglimt er dei mest spektakulære eksplosjonane i universet, og dei oppstår når massive stjerner dør og kollapsar under si eiga vekt for så å danne eit svart hol. Stjerna blir til ei supernova som slynger ut høgenergetisk stråling i form av gamma- og røntgenstrålar.

–Ingen andre fenomen i verdsrommet kan konkurrere med slike monster-gammaglimt når det gjeld energi og dramatikk, fortel Røed Ødegaard.

–Energimengdene er så ekstreme at desse gammaglimta kan observerast uansett kor langt unna det finn stad, dersom strålebuntane peiker mot oss. Verkeleg kraftige gammaglimt skjer kanskje ein gong i året, men dei fleste er betydeleg lenger unna og vil derfor ikkje gjere så store utslag på måleapparata.

Gammaglimt

Illustrasjon som viser korleis ei døande stjerne blir omdanna til eit svart hol, og sender ut høgenergetiske gamma- og røntgenstrålar i prosessen.

Foto: NASA

Dødeleg avstand 2-2,5 mill lysår

Heldigvis for oss var denne stjerna heile 3,7 milliardar lysår unna oss. Hadde ho vore nærare, ville jorda vore svidd toast.

– Dødeleg avstand for eit slikt gammalglimt er omtrent 2-2,5 millionar lysårs avstand dersom strålebuntane er retta mot oss. Det er nesten like langt som til vår store nabo Andromedagalaksen, fortel Røed Ødegaard.

Ein av grunnane til at gammaglimtet var så sterkt, var at denne eksplosjonen skjedde nærare oss enn andre liknande hendingar vi har målt. Dei fleste eksplosjonar NASA-teleskopa har fanga opp har vore minst dobbelt så langt unna som denne.

Høgare energinivå enn teoretisk mogleg

Gammaglimtet var uvanleg langvarig, og varte i heile 20 timar, og saman med den eksepsjonelle styrken på utbrotet har hendinga gitt astronomane unik moglegheit til å studere kva som går føre seg i slike eksplosjonar.

For eksempel viser målingane at gammastrålane frå hendinga har eit høgare energinivå enn det forskarane trudde var teoretisk mogleg.

Men andre ord sprenger gammaglimt-hendinga grensene for den rådande teorien.

–Dette betyr at forskarane må modifisere teoriane sine. Denne hendinga kjem til å vere veldig viktig både for å forstå omgivnadene til desse stjernene, og kva fysiske fenomen som skjer, seier Røed Ødegaard.