Hopp til innhold

Nord kan bli sør på fire år

Amerikanske forskarar har funne ein lavastein i Nevada som tyder på at jordas magnetfelt har flytta seg med heile 53 grader på eit år. Med ein slik fart ville jordas magnetfelt skifte på berre 4 år.

Nordpolen

Når jordas magnetfelt skifter vil den magnetiske nordpolen bytte plass med den magnetiske sørpolen. Forvirrande nok er det vi kallar nordpolen eigentleg ein magnetisk sørpol, og tiltrekker derfor ei magnetisk nåls nordpol.

Foto: NASA

I menneskeleg tidsskala er jordas nordpol og sørpol ganske stabile, men i geologisk tidsskala vekslar desse stadig, og bytter i gjennomsnitt plass kvart 200 000 år.

Nordlys sett frå den internasjonale romstasjonen

Det er usikkert korleis magnetfeltet vil oppføre seg i perioden då det snur. I mellomtida får vi nyte synet av nordlyset. Her slik det ser ut frå den internasjonale romstasjonen ISS.

Foto: NASA

Kva som får jordas magnetfelt til å skifte er uklart. Det er også usikkert kor raskt eit slikt skifte i jordas magnetfelt kan føregå, men dei fleste geofysikarar meiner i dag at denne prosessen tar minst eit par tusen år.

Magnetfelt bevart i lavabergart

Dei amerikanske forskarane Scott Bogue og Jonathan Glen har no funne ein lavastein i Nevada som tyder på at jordas magnetfelt har flytta seg med heile 53 grader i løpet av eitt år.

Enkelte lavatypar inneheld magnetiske mineral, som til dømes magnetitt, og kan bevare retninga i jordas magnetfelt når dei blir avkjølt. Slike bergartar er viktige reidskap innanfor paleomagnetisme, studien av korleis jordas magnetfelt har endra seg opp gjennom jordas historie.

Med denne farten ville jordas magnetfelt skifta i løpet av berre 4 år.

–Det ville vere utruleg om dette stemte, seier professor Trond Torsvik ved UiO til NRK.no. Eg stiller meg tvilande til at det kan gå så fort som dette.

Funnet kan imidlertid også ha ei anna forklaring. Til New Scientist seier Bogue at det kan ha vore eit utbrot av rask akselerasjon som avbraut den jamne rørsla i magnetfeltet.

Forskarane er i ferd med å publisere funnet sitt i tidsskriftet Geophysical Research Letters.

I 1995 fann Bogue det første beviset for eit så raskt skifte i jordas magnetfelt. Den gongen fann han ein lavastein i Oregon med eit uvanleg magnetisk mønster som tyda på at magnetfeltet den gongen lavasteinen vart danna bevegde seg med 6 grader per dag.

Noko som er minst 10 000 gonger raskare enn vanleg.

–Det var ikkje mange som trudde på det, fortel Bogue.

På overtid

Det er 780 000 år sidan sist vi hadde eit skifte i jordas magnetfelt, og slik sett er vi på overtid, seier Torsvik.

–I dag måler vi endringar i magnetfeltet med satellittar, og vi måler endringar på ca 5% per år. Med denne farten ville eit skift ta 400 år, dersom vi skulle tatt dette bokstaveleg, fortel professor Trond Torsvik ved Universitetet i Oslo.

–Vi kan vere inne i ein periode med skift no, seier Torsvik.