Hopp til innhold

Froskehud kan bli kreftmedisin

I sekret frå huda til froskar har forskarar funne to protein som kan nyttast i behandling av kreft og ei rekkje andre sjukdommar.

Trefrosken Phyllomedusa sauvagii (Waxy Monkey Frog)

I huda til denne trefrosken har forskarar funne eit stoff som kan ta knekken på kreftsvulstar.

Foto: WILFREDO LEE / AP

Trefrosken Phyllomedusa sauvagii

Ingen froskar vart skada i haustinga av sekret frå huda, forsikrar forskarane. Her to eksemplar av trefrosken Phyllomedusa sauvagii knipsa i Frankfurt Zoo.

Foto: Petra Karstedt/ Tiermotive.de/ CC

Froskehud er ikkje berre sleip og ekkel. No har forskarar ved Queen’s University Belfast funne ut at utsondringar frå froskehud inneheld stoff som har potensiale til å kurere ei mengde sjukdommar.

Kan stoppe vekst av kreftsvulst

Kontroll av vekst av blodårer er stikkord for dei to proteina som professor Chris Shaw og hans team har funne i utsondringar frå huda til to ulike froskar.

Dei to froskane er trefrosken Phyllomedusa sauvagii (Waxy Monkey Frog) som er heimehøyrande i Sør-Amerika og kjempeklokkefrosken (Bombina maxima) som lever i Kina og Vietnam.

Professor Chris Shaw

Professor Chris Shaw ved Queen's University Belfast i Nord-Irland.

Foto: Queen's University Belfast

– Proteina vi har funne har evna til å enten stimulere eller hemme vekst av blodårer. Eit protein frå trefrosken Phyllomedusa sauvagii har potensiale til å drepe kreftsvulstar ved å slå av nydanning av blodårer og hemme vekst av blodårer, fortel professor Chris Shaw i ei pressemelding.

Kreftsvulstar er avhengige av blodårer som kan gro inn i svulsten og tilføre oksygen og næringsstoff.

– Viss vi kan stoppe blodårene frå å vekse har svulsten mindre sjanse til å spreie seg, og vi kan kanskje også drepe den, seier professor Shaw.

Men forskargruppa til Shaw har også funne eit anna protein, som har stikk motsett effekt:

– Eit protein frå kjempeklokkefrosken kan ”slå på” nydanning av blodårer og stimulere vekst av blodårer. Dette har potensiale til å behandle ei rekkje sjukdommar og tilstandar der vi må reparere blodårene raskt, slik som i sårheling, organtransplantasjon, slag og hjartesjukdommar, seier Shaw.

Norske amfibium også giftige

Dag Dolmen

Også norske froskar og paddar har giftig hud, fortel Dag Dolmen som forskar på amfibium og krypdyr.

Foto: NRK
Pilgiftfrosken Dendrobates tinctorius

Pilgiftfrosken Dendrobates tinctorius.

Foto: Freetoast/ CC

– Gift i amfibiehud er eit kjent fenomen, seier zoolog Dag Dolmen ved NTNU til NRK.no.

– Vi har for eksempel dei søramerikanske pilgiftfroskane som har ekstremt sterke gifter i huda, fortel Dolmen.

Pilgiftfroskane er ei familie med fargesterke små froskar som lever i Sør-Amerika. Froskane har fått namnet sitt fordi lokale indianarar rullar jaktpilene sine i gifta frå froskane.

Men også i Noreg finn vi amfibium med gift i huda, fortel froskeeksperten ved Vitskapsmuseet i Trondheim.

– Norske padder har også sterk gift. Så den skal du helst ikkje få på tynne hudparti, for det svir. Og viss du puttar ein i munnen kan du stryke med, fordi du vil hovne opp i munnen, åtvarar Dolmen.

Amfibium- og krypdyrforskaren fortel at også norske froskar og salamandrar har gift i huda.

Forsvar

I likskap med alle dei andre medisinsk verksame stoffa vi finn i naturen, har også giftstoffa i amfibiehuda ei viktig oppgåve for arten som har gifta.

Dolmen fortel at amfibium nyttar gifta til å verne seg mot rovdyr, men også mot bakteriar i huda.

No viser det seg altså at gifta i amfibiehuda også kan hjelpe oss menneske.

– Målet for oss her ved Queen’s University er å utnytte ressursane som finst i naturen – i dette tilfellet i utsondringar funne på huda til froskar og padder – til å lette menneskeleg liding. Vi er overbeviste om at naturen har løysinga på mange av våre problem, seier professor Shaw.

Men i staden for å gå ut i naturen og sleike på ein frosk, er det nok best å vente til medisinane kjem i sal på apoteket.