Hopp til innhold

Frekke strandscener i mikroskopet

Mikroskopiske erotiske scener er blant motiva i humoristisk fotokonkurranse for vanlegvis seriøse vitskapsfolk.

Nakne kroppar i erotiske famntak på stranda, ein frosk på ein bakketopp og ein langhala kenguru som hoppar gjennom landskapet er nokre av dei underlege syna som har møtt vitskapsfolka under elektronmikroskopet.

Motiva er vinnarar i ein årleg fotokonkurranse som gir elles seriøse vitskapsfolk sjansen til å ta ut si humoristiske side.

Feilanalyse

1810295k 'Art of Failure' electron microscope competition - 06 Aug 2012

Ein søt kosebamse vart skapt i utilsikta nedsmelting av ein elektronisk komponent.

Foto: W.Xing/P. Kin Leong/Singapore U. / All Over Press

Forskarar innan feltet mikroelektronikkteknologi møttest nyleg på konferansen International Symposium on the Physical and Failure Analysis of Integrated Circuits i Singapore.

Vitskapsfolka som deltar på denne konferansen arbeider med å finne ut kvifor ein elektronisk komponent ikkje verkar, eit felt kalla feilanalyse.

For å komme til botns i nøyaktig kvar det gjekk gale, nyttar dei svært kraftige elektronmikroskop som kan lage bilete av materialet på mikro og nanonivå.

Som bileta viser, kan ein feil i ein mikroelektronisk duppeditt vise seg å vere svært interessant på mikronivå, og kan vere verdt ein pris i forskaranes eiga uhøgtidelege fotokonkurranse.

I reglane for konkurransen blir det presisert at det viktigaste kriteriet for juryen er det estetiske aspektet ved biletet, og ikkje den tekniske kvaliteten.

Men det er altså eit absolutt krav at biletet må vere relatert til feilanalyse.

1810295l 'Art of Failure' electron microscope competition - 06 Aug 2012

Det kunne vere trestammar i ein mørk skog, men er klister mellom ein karbonteip og ein membran.

Foto: Lim Chan Way/ Infineon Tech / Re / All Over Press

Vengjer og terrassehagar

Dei ørsmå menneskeliknande figurane i vinnarbiletet People on the Beach av Lim Saw Sing er skapt av ei feilslått overflatebehandling av eit polyamidmateriale til ein elektronisk komponent.

1810295j 'Art of Failure' electron microscope competition - 06 Aug 2012

The Hope Terrace. Eit landskap av terrassehagar skjulte seg i ein flis av ei silisiumbrikke.

Foto: Tan Lee Koon/Systems-on-Silicon / All Over Press

Andreprisen gjekk til biletet «Wings», eit par mikroskopiske vengjer som viste seg då forskaren Foo Fang leita etter årsaka til sprekkdanning i ein silisiumprøve.

Tredjeplassen gjekk til eit bilete «The Hope Terrace» som synest å vise eit landskap med terrassehagar, mens det eigentleg er eit avkutt av ei silisiumbrikke sett under mikroskop.

Bileta beviser berre at det gamle ordtaket stemmer, det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

1810295h 'Art of Failure' electron microscope competition - 06 Aug 2012

Eit par vengjer er i verkelegheita brot i eit silisiummateriale.

Foto: Foo Fang Jie/ Advanced Micro / All Over Press

Sjå fleire biletgalleri frå Vitenskap og teknologi her:

Små mirakler fanget i mikroskopet

Se de fantastiske cellene

Diarémedisin blant vinnarbileta i fotokonkurranse