Hopp til innhold

Framtidas kjøken

Kjøkenvasken filtrerer og resirkulerer vatnet ditt. Vaskemaskina kjenner att stoffet du skal vaske og veg innhaldet for deg. Framtidas kjøken blir smartare og meir energieffektivt ifølgje årets elektronikkmesse.

Grønt kjøken på IFA elektronikkmesse

Framtidas kjøken er energieffektivt.

Foto: NRK

Sidan kvitevarenes inntog saman med elektrisiteten på 50-talet, har det ikkje vore dei store revolusjonane på kjøkenet.

Trendane frå årets elektronikkmesse, IFA, i Berlin tyder på at om det er ein revolusjon på gang, så er den kanskje grøn. I framtida skal kvitevarene våre bli meir energieffektive og smartare.

Sjå reportasje frå elektronikkmessa IFA i Schrödingers katt:

Video IFA framtidskjøkken

Resirkulerer utslagsvatnet

På IFA viser Bauchnekt fram eit grønt kjøken som kan bruke om att vatnet du tømmer i avløpskummen.

– Vatnet i det grøne kjøkenet går ned i kummen, blir så mekanisk og kjemisk reinsa og blir brukt om igjen til oppvaskmaskina, fortel Kathrin Felder i Bauchneckt.

Grøn vaskekum

Denne vaskekummen filtrerer og reinsar utslagsvatnet slik at det kan nyttast om igjen.

Foto: NRK

– Det sparar opptil 2000 liter vatn per år, hevdar Felder.

I tillegg har dette kjøkenet også ein vassdispenser som kan levere kokande varmt vatn fiks ferdig til matlaging, men også kaldt vatn, og vatn med bobler.

Det grøne kjøkenet har også ein steikeomn med induksjonsteknologi, noko som produsenten hevdar nyttar berre 30 % av energien i ein vanleg steikeomn.

Smart vaskemaskin

Intelligente vaskemaskiner utstyrt med sensorar gjer jobben lettare for den som skal nytte dei.

I den intelligent vaskemaskina frå Siemens som er utstilt på IFA, fyller du berre i vaskemiddel og mjukingsmiddel ein gong. Vaskemaskina sørgjer sjølv for å dosere ut riktig mengde til typen og mengda av klede du har lagt inn i maskina.

– Sensorar i maskina kan kjenne om det er eit silkeaktig stoff eller om det til dømes er eit tungt tekstil, seier Mirjam Jentschke, Siemens.

Du treng heller ikkje tenke på vekta av det du har lasta inn i maskina, dette måler vaskemaskina sjølv.

Kor skitne kleda er, finn også vaskemaskina ut av seg sjølv med hjelp av sensorar som kan sjå på fargen av vaskevatnet.

Vindaugsstøvsugar

Vindaugsstøvsugar

Programleiar Hanne Kari Fossum testar vindaugsstøvsugaren på årets IFA-messe.

Foto: NRK

IFA byr også på hushaldningselektronikk av det litt mindre nødvendige slaget.

Vindaugsstøvsugaren vart blant anna lansert på årets IFA-messe. Han gjer kanskje jobben med å vaske vindauge litt mindre kjedeleg, men sparar deg nok i realiteten ikkje for veldig mykje jobb.

Elektronisk mysli-dispensar går også inn i kategorien av elektronikk du strengt tatt ikkje har bruk for, men det kan vere noko for dei som har mykje ledig plass på kjøkenbenken.

Sjå Schrödingers katt torsdag kl. 19.45 på NRK1