Eit team av forskarar har gjort funn av 3,4 millionar år gamle fossile beindelar frå ein fot i Afar-området i Etiopia.
Sjølve funnet vart gjort av forskarane i februar 2009, og analysar av funnet er nyleg publisert i tidsskriftet Nature.
Studiar av fossilet viser at den fossile foten ikkje høyrer til eit medlem av Lucys art Australopithecus afarensis, som er vår mest kjende menneskelege stammor.
Sjå ein Nature-video om funnet som gir ny innsikt i utvikling av føtene våre her:
– Sjokkerande
Funnet tyder på at det fanst meir enn ein forhistorisk menneskeart som levde i Etiopia for mellom 3 og 4 millionar år sidan, og at dei hadde svært ulike måtar å bevege seg på.
Mens Lucy gjekk på to bein på denne tida, og hadde stortå som stod på linje med dei andre tærne, har det nye fossilfunnet gripetå – noko som tyder på ein apefot.
- Les også:
- Les også:
– Funnet var rett og slett sjokkerande, seier medforfattar på studien Bruce Latimer ved Case Western Reserve University ved Cleveland i USA til Nature.
– Desse fossila representerer bein som vi aldri har sett før. Mens stortåa kunne røre seg til sida, mangla leddet utvidinga på toppen som kunne tillate tåa å dytte frå bakken som er nødvendig i oppreist gonge. Individet må ha hatt ein ganske klossete gangart på bakken, fortel Latimer.
– Dette er eit ekstremt viktig funn fordi det opnar opp eit vindauge til fortida og korleis foten vår utvikla seg som vi ikkje hadde tidlegare, seier han.
- Les også:
Tilpassa liv i trea
Fossila vart funne under eit lag av sandstein i eit område som lokalt er kalla Burtele.
I nærleiken av fossilet fann forskarane også fossil av fiskar, krokodiller og skjelpadder.
– Saman med dyrefossila tyder også fysiske og kjemiske karakteristikkar av sedimenta på at landskapet var ein mosaikk av elvekanalar og deltakanalar nært eit skogområde med tre og buskar, fortel medforfattar Beverly Saylor.
– Dette stemmer overeins med fossilet, som sterkt antydar ein mennesketype som var tilpassa eit liv i trea samtidig med at Lucy levde på bakken, fortel Saylor.
Fossila har førebels ikkje blitt tileigna eit artsnamn, då forskarane enno manglar tilhøyrande skalle og tenner til arten. Fram til dei finn dette, vil dei vere forsiktige med å slå fast at dette er ein ny art.
Dei første beina i fotfossilet slik det dukka opp i sanden i Burtele i Etiopia.
Foto: Yohannes Haile-Selassie, The Cleveland Museum of Natural History