Fossilfunn av arktisk gigantkamel

Pukkelen hos dagens kamelar kan ha blitt utvikla for å overleve i eit kaldare klima.

Fossil gigantkamel

Forskarar fann fossile beinrestar etter ein utdøydd gigantkamel i kanadisk Arktis.

Foto: Canadian Museum of Nature

Er det eit dyr vi tenker på når vi høyrer varme og ørken, så er det dyret som går under namnet «ørkenens skip», kamelen.

Likevel har kamelen oppstått på heilt andre breiddegrader, nemleg i arktiske strøk i Nord-Amerika.

Kanadiske forskarar har nyleg publisert funn av fossile beinrestar frå ein utdøydd gigantkamelart så langt nord som på Ellesmere Island i Canada. Dette er den til no nordlegaste funnstaden for gigantkamelen, ein av moderne kamelars stamfedrar.

– Dette er eit viktig funn fordi det gir det første beviset for at kamelar levde i høgarktiske område, fortel paleobiolog Natalia Rybczynsk ved Canadian Museum of Nature.

– Funnet utvidar utbreiinga for kamelar i Nord-Amerika nordover med 1200 kilometer, og gir ein peikepinn om at slektslinja som gav opphav til moderne kamelar opphavleg kan ha vore tilpassa til å leve i eit arktisk skogmiljø, seier ho.

  • Sjå video som viser kvar forskarane fann den fossile gigantkamelen:

Global varmeperiode

Gigantkamelen, som var 30 prosent større enn dagens kamelar, levde på Ellesmere Island for om lag 3,5 millionar år sidan.

På denne tida var klimaet i området eit heilt anna enn i dag. Jorda opplevde ein global varmeperiode, der gjennomsnittstemperaturen var 2–3 gradar høgare enn i dag, mens temperaturen for Arktis var mellom 14–22 gradar over dagens temperatur.

Skoggrensa gjekk mykje lenger nord, og forskarane meiner at den fossile gigantkamelen levde i blandingsskog, men der det også var kaldt og snørikt om vinteren.

Brei fot nyttig i snøen

Forskarane meiner at fleire av trekka hos dagens kamelar i verkelegheita er tilpassingar til høgarktiske strøk, blant anna den breie, flate foten som er nyttig til å gå i sand, men som også kan ha vore nyttig for å bevege seg på snø.

Evolusjonsbiolog Glenn-Peter Sætre ved Universitetet i Oslo er ikkje framand for hypotesen frå Rybczynsk og kollegaer.

– Det er absolutt plausibelt at kamelens flate fot opphavleg var ein tilpassing til å gå i snø, seier Sætre.

Han samanliknar med reinsdyrets hovar, som også dannar ein brei platform slik at dyret ikkje søkk gjennom snøen.

Kamel

Kamelens store auge kan vere ei tilpassing til svakt arktisk vinterlys, trur kanadiske forskarar.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Pukkel for kalde vintrar

Kamelens aller mest kjente trekk, pukkelen, kan også ha vore ein arktisk tilpassing, trur dei kanadiske forskarane.

Mens mange trur at pukkelen utgjer eit lager for vatn, er klumpen i realiteten eit feittlager, noko som kan ha vore heilt essensielt for eit dyr som måtte overleve ein lang, mørk og kald vinter.

Etter å ha vandra ut frå Nord-Amerika til Eurasia over det tørre Beringstredet, lever dagens kamelar stort sett i varmare ørkenstrøk i Asia og Afrika. Men den evolusjonære reisa dit er kanskje ikkje så lang som det høyrest ut som:

– For pelskledde dyr er ikkje nødvendigvis tilpassingar til ulik temperatur komplisert evolusjonært sett. Endringar i pelstjuknad og tettleik kan gå raskt, og det er ikkje uvanleg å sjå variasjon innan same art og også mellom årstider, fortel Glenn-Peter Sætre.

– Den baktriske kamelen er eit godt eksempel, han har tjukk og tett pels gjennom den kalde vinteren og tynn pels gjennom den steikande sommaren. Dromedaren treng ikkje lenger vinterpels.

Men viss kamelen er så godt tilpassa nordlege strøk, kvifor ser vi han ikkje i her i dag?

– Vi veit ikkje kvifor ingen kamelar lever i Arktis i dag. Ein moglegheit kan vere at Arktis for 3–4 millionar år sidan likna meir på tilhøva i dagens Sentral-Asia enn slik tilhøva er i dagens Arktis, fortel Sætre. – Dei kan ha bytta beite etter rådande forhold og også ha blitt utkonkurrert av artar som er betre tilpassa dagens arktiske klima, som moskus og rein.

Om omstenda var berre litt annleis, ville vi kanskje sett flokkar av kamelar på Dovre?

Kameler i snø

Nokre av leveområda for dagens kamelar er ikkje så fjernt frå dei arktiske områda dei oppstod i. Her baktriske kamelar i Kasakhstan.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / REUTERS


Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)