Første menneskerobot i rommet

Når romferja Discovery tek av frå jorda onsdag, er roboten R2 med på ferda som den første astronaut-roboten.

Roboten R2 til romstasjonen

Den internasjonale romstasjonen ISS får eit nytt besetningsmedlem når NASAs robot R2 legg til med romferja Discovery.

Foto: NASA

NASA sin Robonaut 2, eller R2 som han blir kalla, skal ut i rommet som aller første humanoide robot med onsdagens ferd med romferja Discovery.

Sjå video av at R2 blir pakka klar til romferda her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

–Dette er kanskje berre eit lite steg for denne roboten, men det er eit gigantisk batteridrive sprang framover for robotætta, seier Rob Ambrose, fungerande sjef ved divisjon for automasjon, robotteknikk og simulering på Johnson Space Center til AP.

Turen går til den internasjonale romstasjonen, ISS, der R2 skal få fast tilhaldsstad.

Fortropp til Mars

Robonaut 2 og andre liknande robotar er tenkt ei framtid der dei kan utføre reinhald og reparasjonar på romstasjonen.

I motsetning til sine menneskelege kollegaer i rommet har robotar ikkje noko problem med å tilbringe timar i den ekstreme varmen og kulden utanfor romstasjonen.

Hør mer om roboten i Verdt å vite:

Dei vil også kunne handtere nødssituasjonar som branntilløp eller lekkasje av giftige kjemikaliar.

NASA ser også for seg at robotar i tiåra som kjem kan bane veg for astronautar av kjøt og blod på risikofylte romferder, som asteroidar eller planeten Mars.

Aluminium og karbonskjelett

R2 eksisterer per i dag berre frå midja og opp. Beina er på veg, men den 150 kilo tunge roboten klarar seg førebels fint med overkroppen.

Robotkroppen som er laga av aluminium og nikkelbelagt karbonfiber, er polstra for å unngå skader på roboten og astronautar.

Kroppen er ca 100 centimeter høg. Armane hans er 80 centimeter og R2 har også handflater, noko som er uvanleg for robotar.

Fire kamera plassert bak det gullfarga visiret utgjer auga til roboten, og eit infraraudt kamera plassert i munnen gir roboten djupnesyn.

Les meir om R2 på dei offisielle sidene til NASA

Skal tvitre frå rommet

Med litt hjelp frå ingeniørteamet omkring han, har R2 allereie byrja å sende ut meldingar på Twitter. Roboten har også ei eiga side på Facebook.

R2 skal rapportere jamleg når han er på plass på romstasjonen.

I den siste tida ha roboten vore oppteken av å telje ned til til oppskyting, men han har også teke seg tid til å svare på spørsmål frå dei som følgjer han på Twitter.

–Eg håpar å få bein omkring utgangen av neste år, seier R2 på Twitterkontoen sin.

Han forsikrar også at både han og tvillingroboten hans er snille, og ikkje er ute etter å ta herredømme over verken rommet eller jorda.

R2 har ingen returbillett frå rommet, men skal bli på den internasjonale romstasjonen til den blir tatt ut av operasjon ein gong etter 2020.

NASA planlegg å styrte stasjonen til ei evig grav i Stillehavet, og R2 vil då gå ned til botns saman med romstasjonen.