Hopp til innhold

Leirebit skal vere første bevis for byen Betlehem

Israelske arkeologar har funne ein 2700 år gammal leirebit der namnet på byen Betlehem er skrive inn. – Tolkinga av funnet er problematisk, meiner norsk arkeolog.

Segl fra oldtidens Betlehem

Namnet på byen Betlehem står skrive på denne biten av leire funne i Jerusalem. Tolkinga av funnet kan vere betent for mange.

Foto: Clara Amit / Ap

Israels svar på Riksantikvaren, Israel Antiquities Authority, skriv i ei pressemelding at dei har funne eit lite segl i leire der namnet på byen Betlehem er skrive inn.

Funnet er gjort i Davids by, like utanfor dei sørlege murana av Jerusalems gamleby.

– Dette er første gongen namnet Betlehem opptrer andre stader enn i Bibelen, seier utgravingsleiar Eli Shukron i ei pressemelding.

Ifølgje Shukron beviser funnet at Betlehem verkeleg var ein by i Kongedømmet Judea som eksistert mellom år 930 til 586 før Kristus.

Funnet kan komme til å bli nytta som argument blant enkelte grupper av religiøse eller busetjarar for at Betlehem bør vere innlemma i staten Israel, trur arkeolog Nils Anfinset ved Universitetet i Bergen.

– Problematisk

Arkeolog Nils Anfinset er skeptisk til tolkinga av funnet, som han meiner er problematisk.

– Dei knyter funnet til 7-8-århundret, utan å fortelje kvifor dei gjer det, seier han. Men understrekar samtidig at han ikkje er ekspert i hebraisk, språket som er brukt på seglet.

Leirebiten skal vere eitt av ei gruppe av administrative segl brukt til å forselge skattesendingar som skulle til Kongedømmet Judea i seint åttande og sjuande hundreåra før Kristus, ifølgje Eli Shukron frå Ir David Foundation som har gjort utgravingane på vegner av Israel Antiquities Authority.

Arkeologiske utgravingar i Jerusalem blir utført av ikkje-statlege organisasjonar. Ir David Foundation, som står bak utgravinga har tidlegare blitt kritisert for ikkje-vitskaplege metodar.

– Nyttar Bibelen til å legitimere funn

– Om funnet er så gammalt, betyr dette likevel ikkje at Betlehem låg under Judea. Skrift blei brukt av mange, dette betyr ikkje nødvendigvis at dei som skreiv dette var israelittar, meiner Anfinset.

Han synest også det er problematisk at dei nyttar Bibelen som kjelde til å tidfeste og legitimere funnet.

– Bibelen er ei skriftleg kjelde som er redigert mange gongar, og har mange forfattarar. Det er derfor ei kjelde som må behandlast med varsemd, fortel Anfinset.

– Farga av religion og politikk

Arkeologisk har ikkje dette funnet særleg stor betyding, då det alt er godt kjent at området rundt Betlehem har vore nytta langt tilbake i tid, meiner Anfinsen frå Universitetet i Bergen.

– Men i ein religiøs samahanheng er funnet svært viktig, fordi Betlehem seinare er nemnd i Gamletestamentet.

Om ikkje Betlehem nokre hundreår seinare hadde blitt fødestaden til Jesus, ville kanskje ikkje denne vesle leirebiten på om lag 1,5 centimeter i diameter vekt like stor oppsikt.

– Arkeologi i denne regionen er svært farga av religion og politikk, som er vove inn i arkeologien, fortel Anfinset.