Hopp til innhold

Unngå disse julegåvene til borna

Smarthøgtalarar, GPS-klokker og andre nettilkopla produkt kjem til å ligge under mange juletre dette året. Tenk deg om ein ekstra gong, før du kjøper ei slik gåve, er anbefalinga frå Forbrukarrådet

Jente med julegåve
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Sjølv om du er ute i siste liten med julegåvene, bør du tenke deg om ein ekstra gong før du kjøper nettilkopla produkt som gåver. Spesielt om det er ei gåve til eit barn, det meiner Forbrukarrådet.

Folk må vera kritiske

Det kjem stadig nye produkt som kan koplast på nett, alt frå smarthøgtalarar og klokker, til tannbørstar, kaffikokarar, og til og med drikkeflasker.

NRK viste kor enkelt det var å hacke seg inn på den nettilkopla dukka Cayla.

Signe (4) og dukke

NRK-programleder hacker dokka til 4-åring ved hjelp av en helt vanlig mobil.

– Cayla har på mange måtar blitt ansiktet mot omverda for dårleg tryggleik og personvern i slike produkt, seier fungerande fagdirektør for digitale tenester og straum i Forbrukarrådet, Gro Mette Moen.

Gro Mette Moen
Foto: John Trygve Tollefsen

– Men dessverre ser vi at mange produkt som kjem på marknaden i dag, er like usikre.


Som eksempel trekk Moen fram GPS-klokker for barn. Dette er klokker som marknadsfører seg med at dei skal skape ekstra tryggleik for foreldre og barn, men i fleire tilfelle skjer eigentleg det motsette.

– Då me testa slike klokker i 2017 fann me fleire store tryggleikshol. Produsentane lova så at disse var fiksa, men då me sjekka produktet på nytt fann me i fleire tilfelle dei same feila. Etter det vart nokre av klokkene trekt frå norske butikkar, men er framleis å få kjøpt på nettet.

– Det er bygd inn så lite sikkerheit i nokre av disse klokkene at kven som helst kan logge seg på og følgje med på kor barnet ditt er, ein kan følgje med på datatrafikken til og frå klokka, og gå inn og få det til å sjå ut som om klokka er ein annan plass enn det den er, åtvarar Moen.

Smarthøgtalar

Mozilla Foundation, ein ikkjekommersiell organisasjon som skal sikre eit ope og trygt internett, har kvart år ei kåring der dei graderer nye dingsar ein kan kople på internett ut frå tryggleik. Blant dei som kjem dårlegast ut i årets kåring er Google Home, og den nemnde drikkeflaska.

Skjermdump fra Mozilla Foundation

– Det folk må ta inn over seg når det gjeld smarthøgtalarar som Google Home, er at all samtale med høgtalaren i utgangspunktet blir lagra. Det er kanskje greitt for oss vaksne, men dette kjem til å bli ei kjempepopulær leike også for borna i familien, og dei er kanskje ikkje like bevisst det at alt ein pratar med høgtalaren om faktisk vert tatt opp og lagra, åtvarar Gro Mette Moen.

Google Home
Foto: Google

Regelverket heng etter

Det er vanskeleg å gå inn og regulere slike varer då regelverket ofte heng etter.
– Er eit produkt brannfarleg eller giftig har ein mekanismar for å krevje eit slikt produkt tilbakekalt og fjerna frå marknaden, men når det kjem til IKT-tryggleik har ein ikkje dei same mekanismane, seier Moen.

Marie Moe, forskingsleiar ved SINTEF Digital, som vart kjent for å ha hacka sin eigen pacemaker, sit no i IKT-tryggleiksutvalet som rådgjev Justis- og beredskapsdepartementet i saker knytt til IKT-tryggleik. Dei har akkurat overlevert ei utgreiing der dei talar for å auke tryggleikskrava til nettilkopla produkt.

– Vi meiner at ansvaret for IKT-tryggleiken i nettilkopla produkt bør flyttast frå forbrukaren og over til produsentane og leverandørane. Det er heller ingen heimel for å tilbakekalle eit produkt frå marknaden eller gi pengar tilbake til kunden, dersom det viser seg at det produktet for eksempel kan hackast. Det bør det absolutt vera, seier Moe.

Det har ikkje lukkast NRK å få noko kommentar frå Google Noreg.