Hopp til innhold

Verdas djupaste mann flyttar menneskekroppens grenser

Fridykkaren Herberg Nitsch planlegg å dykke ned til 305 meter utan oksygentank.

Herbert Nitsch

Herbert Nitsch mener det å slappe av er viktig for å nå ekstreme dyp.

Foto: www.herbertnitsch.com

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tenk deg at du trekkjer pusten, dukkar hovudet under overflata, og set kursen rett nedover. Nedover og nedover i det mørkeblå. Heilt ned til 214 meters djup.

Trykket her nede er enormt, 22 atmosfærar i forhold til 1 atmosfære som vi opplever på overflata.

Utan å vere trena vil lungene dine kollapse på grunn av vekta av vassøyla over deg.

Likevel har fridykkaren Herbert Nitsch frå Austerrike vore på denne djupna, og han er i fin form.

–Eg er interessert i å finne ut kor langt eg kan presse kroppen og psyken, fortel Nitsch til NRK.no.

Dykket som Nitsch utførte i Hellas i juni 2007, gjorde han fortent til tittelen Verdas djupaste mann.

Han hevdar faktisk at han ikkje kjenner nokon som helst negative etterverknader frå opphaldet på 214 meters djup.

–Dette viser at menneskekroppen kan tole mykje meir enn vi vanlegvis trur, og viser oss kroppens yttergrenser, seier professor i dykkarmedisin Alf. O. Brubakk ved NTNU.

Sjå video av Nitsch sitt nervepirrande rekorddykk til 214 meter (artikkelen held fram etter videoen):

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.



Nitsch var nyleg i Noreg på konferansen Man in Extreme Environments på NTNU der ekstremutøvarar innanfor polferder, fridykking, fjellklatring og romferder var samla, saman med nokre av verdas leiande forskarar innanfor fysiologi i ekstreme miljø, frå ekstremt trykk på store djup til vektlaus tilstand i rommet.


Trassa lærebøkene


–Før stod det i lærebøkene at lungene kom til å kollapse ved dykk til 60 meter, seier professor Alf O. Brubakk til NRK.no.

–Dette var sanning inntil ein dykkar som ikkje hadde lese den boka, dykka 10-20 meter djupare, og ikkje døydde, fortel Brubakk.

Det som stod i læreboka var openbart ikkje riktig. Fysiologane som hadde kome fram til grensa på 60 meter, hadde gløymt å ta omsyn til eit viktig faktum:

–Når ein går ned i vatn flytter ein store mengder blod frå beina og til lungene, fortel Brubakk. Dette gjer at det er mogleg å gå lenger ned enn 60 meter.

Grensa for kor djupt mennesket kan gå før lungene klappar saman ligg mykje djupare enn 60 meter, men kor djupt ?

305 meter

Herbert Nitsch

Nitsch på vei opp fra dyp som ville tatt knekken på de fleste.

Foto: www.herbertnitsch.com

Nitsch har eit mål om å dykke til 305 meter.

–Den absolutte grensa for kva menneskekroppen klarer ligg sannsynlegvis omkring ei djupn på 300 meter, seier Brubakk. Og han legg til:

–Dykk til store djupner er ekstremt risikabelt, og ikkje noko vi anbefaler, seier Brubakk. Den viktigaste risikofaktoren er at blod og væske går inn i lungene, såkalla lungeødem, seier Brubakk.

–Eg lyttar til det fysiologane seier, fortel Nitsch. Men på den andre sida har eg også blitt fortald av fysiologar at eg skulle vore død på 200 meter. Det er så mange variablar, og fysiologane kjenner ikkje alle variablane. Vi veit så lite om dette.

Tilpassing til vatnet

Sjølv snakkar Nitsch om tilpassing til vatnet, heller enn trening.

–Du må få lungene til å handtere trykket, seier Nitsch. Han trener lungene sine til å bli fleksible, og trener også blodsystemet sitt til å bli meir effektivt. Det handlar om å presse meir blod inn i lungene, slik at dei kan stå i mot det høge trykket.

–Og så må du slappe av så mykje som mogleg, og berre la trykket verke på kroppen. Det er viktig å slappe av for å spare oksygen, fortel Herbert Nitsch.

Verdsrekordhaldaren i fridykking synest elles det er ei god kjensle når han er på djupet. Det er ei slags god einsemd, der ein er langt bort frå bråket og ståket på overflata.

I fridykking har dykkaren ingen oksygentank med seg, men må klare seg med den lufta han eller ho har trekt inn på overflata.

Likevel er ikkje dette hovudproblemet ved dykk, då mennesket kan trene seg opp til å halde pusten i svært langt tid.

Nitsch sin personlege rekord er på 9 minutt og 4 sekund, mens verdsrekorden i dag er på utrulege 11 minutt og 35 sekund.

Grensa for kor lenge vi kan halde pusten blir stadig flytta.

I juni i neste år vil Nitsch forsøke å slå sin eigen djupnerekord ved å dykke til 244 meter.

Men hans ultimate mål er 305 meter.

  • Sjå video om korleis han jobbar for å nå dette målet:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.