NRK Meny
Normal

Flytande kremasjon blir mogleg i Florida

Ein ny flytande kremasjonsteknikk blir tatt i bruk i Florida. – Dette blir som eit basebad, seier kjemiprofessor.

Kammer for flytande kremasjon

Innbyggjarar i Florida kan no bestille ein våt kremasjon i eit slikt kremasjonskammer.

Foto: Resomation

Vil du at den døde skal kremerast med eld eller vatn? Dette kan no bli eit vanleg spørsmål på gravferdskontora i Florida.

Gravferdsbyrået Anderson-McQueen i St Petersburg i Florida er det første som har fått installert eit kremasjonsapparat for flytande kremasjon.

Det er det skotske firmaet Resomation som har utvikla denne nye kremasjonsmetoden.

Sjå ein animasjon her av korleis metoden verker (NB det er ikkje lyd i innslaget):

Video Resomation

Resomation

Kjemisk nedbryting

Metoden går ut på å plassere ei spesiell kiste i kammeret som så blir fylt med ei løysing av 95 prosent vatn og 5 prosent av det basiske kjemikaliumet kaliumhydroksid.

I løpet av tre timar blir så den døde lekamen kjemisk broten ned i ein metode som blir kalla basisk hydrolyse.

– Det er ein stillferdig, rask og verdig prosess, seier administrerande direktør i Resomation, Sandy Sullivan, til NRK.no.

– Basisk hydrolyse er faktisk ein av dei viktigaste prosessane også ved naturleg nedbryting av døde kroppar med jordbakteriar, berre at dette tar mykje lenger tid i naturen. I staden for bakteriar nyttar vi alkalisk kaliumhydroksid, vatn og varme slik at vi på berre tre timar kan oppnå det same som naturen nyttar månader eller år på å få til, fortel Sullivan.

Mange kjenner motvilje mot tanken på å bli gravlagt i jord eller å bli kremert med eld etter at dei er døde.

– Det verker litt ulogisk at folk er redde for dette, men det er dei. No kan dei også velje mellom eit tredje alternativ. Du har jord med gravlegging, eld med kremering, og no vatn med Resomation, seier Sandy Sullivan.

Ekvivalenten til syrebad

Aske etter flytande kremasjon

Slik ser oska ut etter ein flytande kremasjon.

Foto: Resomation

Sjølv om produsenten helst vil ha fokus på at det er vatnet som gjer jobben, er det sterkt basiske stoffet kaliumhydroksid vel så viktig i prosessen.

– Dette høyrdest då ubehageleg ut, seier kjemiprofessor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo då han får høyre om metoden.

– Er dette den basiske varianten av eit syrebad?

– Ja, vi må kunne seie at dette blir som eit basebad, seier Stølen.
I følgje kremasjonsoppfinnaren Sullivan er ei kvit oske er alt som blir att etter ein vandig kremasjon, og slik sett er det lite som skil metoden frå den vanlege kremasjonen med eld.

Miljøvenleg

Den vandige kremasjonsmetoden frå Resomation skal vere meir miljøvenleg enn vanleg kremasjon.

– Kremasjon med alkalisk hydrolyse nyttar berre ein sjudel av energien som blir brukt i vanleg kremasjon, og karbonfotavtrykket blir redusert med ein tredel, seier Sullivan.

Utsleppet av miljøgifta kvikksølv til atmosfæren blir også redusert med denne metoden, hevdar Sullivan.

Kvikksølv finst som amalgam i tannfyllingar, og ved kremasjon blir amalgamet omdanna til giftige kvikksølvdampar som så slepp ut i miljøet. I England skal det ha blitt gjort utrekningar som viser at opptil 16 prosent av all kvikksølv i atmosfæren komme frå kremasjon.

Men i vårt land er ikkje kvikksølvutslepp i samband med kremasjon noko stort problem, i følgje Rolf Ottesen ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

– I Noreg er dette eit ikkje-problem, seier Ottesen som er leiar for avdeling for Geokjemi og miljø ved NGU.

– Vi har undersøkt krematorium i Trondheim og Oslo, og klarer ikkje å sjå alvorlege utslepp av kvikksølv til jord eller luft. Det er no dokumentert at dette ikkje er eit problem i Noreg, seier Ottesen.

Enno ikkje aktuelt i Noreg

Sandy Sullivan i Resomation Ltd

Sandy Sullivan med kammeret for flytande kremasjon.

Foto: Resomation

– Dette er eit område som er svært strengt regulert, og lovgiving er vår største barriere, seier Sullivan.

Kremasjonsmetoden Resomation har blitt lovleg i sju delstatar i USA, og firmaet skal plassere eitt kremasjonsapparat i Minnesota og eitt i California mot slutten av året. Eitt apparat har også blitt seld til Canada.

– Vi arbeider også for å få endringar i lovgiving i mange andre land, som til dømes Nederland, men dette er ein smertefullt treig prosess, seier Sullivan.

Resomation har ikkje fått nokon førespurnad frå Noreg, så førebels er det ikkje utsikt til å få ein våt avskjed frå livet her i landet.