Hopp til innhold

Sjeldan kjempeblekksprut fanga på film for første gong

Forskarar filma ein kjempeblekksprut med bytte i havdjupet utanfor kysten av Japan.

Kjempeblekksprut utanfor Japan

Dette biletet av ein kjempeblekksprut på 630 meters djup er første gong forskarar har filma dyret i sitt naturlege element, djuphavet.

Foto: NHK/NEP/DISCOVERY CHANNEL / NTB/Scanpix

Kjempeblekksprutar, Architeuthis, er blant havets mest mystiske vesen. Dei lever på store djup i verdshava, der dei svært sjeldan blir sett av menneske.

Måndag morgon meldte TV-skaparar og forskarar ved Japans National Science Museum at dei for første gong har lukkast i å filme ein kjempeblekksprut i havdjupet. Dette melder nyheitsbyrået AP.

Ubåt

Den sølvfarga kjempeblekkspruten vart oppdaga på 630 meters djup med eit byttedyr, ein mindre blekksprut, fanga i armane.

Blekkspruten vart oppdaga av forskarar og filmskapar i juli 2012, mens dei var i ein ubåt på 630 meters djup 15 kilometer aust for den japanske Chichi-øya i Stillehavet.

Ubåten med tre menneske om bord, deriblant blekkspruteksperten Tsunemi Kubodera frå museet, følgde den gigantiske blekkspruten ned til 900 meters djup då han sette kursen nedover i djupet.

JAPAN-SCIENCE-BIOLOGY-ANIMALS-SQUID

Kjempeblekkspruten på veg nedover i djupet med byttet sitt.

Foto: NHK/NEP/DISCOVERY CHANNEL / NTB/Scanpix

Mangla to armar

Skapningen var om lag tre meter lang, anslår forskarane, men han ville vore åtte meter lang om ikkje han hadde fått kutta av dei to lengste armane, ifølgje Kubodera. Kvifor blekkspruten mangla dei to armane er ikkje kjent.

Kubodera fortel at dette er det er første gong at ein kjempeblekksprut er filma i sitt naturlege habitat, i djuphava.

Kobudere gjorde også det første videoopptaket av ein levande kjempeblekksprut i 2006, men dette opptaket vart gjort først frå båten etter at blekkspruten var fanga og tatt opp til overflata.