Hopp til innhold

Meiner Vikingsondane likevel fann liv på Mars

Nye analysar av 36 år gamle data frå Vikingsondane på Mars tyder på at vi kanskje alt har oppdaga liv på planeten. – Studien framstår som svært spekulativ, seier norsk astrobiolog.

Viking 2

Marssonden Viking 2 på Mars i eit sjølvportrett frå 1976.

Foto: NASA

Vikingsondane som NASA sende til naboplaneten vår i 1976 hadde med seg eksperimentutstyr for å finne bevis for liv. Men eksperimenta gav hovudsakleg negative resultat, bortsett frå eitt eksperiment, Labeled Release (sjå faktaboks), som var positivt.

No har eit team av amerikanske og italienske forskarar gjort nye matematiske analysar av rådata frå Vikingeksperimentet Labeled Release som skulle sjå etter teikn av mikrobielt stoffskifte i jordprøvar.

Dei meiner at deira analyser tyder på at det var biologisk liv i marsprøvane.

– På basis av det vi har gjort til no, vil eg seie eg er 99 prosent sikker å at det er liv der, seier Joseph Miller ved University of Southern California til Discovery News.

–Trong like mange mikrobar som i kuruke

Hans Amundsen, geofysiker og astrobiolog

Geofysikar og astrobiolog Hans E. Amundsen.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Den norske astrobiologen og NASA-forskaren Hans E. Amundsen fortel at resultata frå Viking-eksperimenta var mildt sagt uklare, noko som blant anna skuldast at utstyret var svært lite følsamt:

– Det var nødvendig med like mykje mikrobar per kilo prøve som i ei gjennomsnittleg kuruke for at ein skulle kunne påvise liv, seier Amundsen til NRK.no.

Sidan har diskusjonen rulla i forskingsmiljøa.

– Kompleksitet tyder på liv

I den nye studien har forskarane nytta matematiske kompleksitetsanalysar til å gå gjennom data frå Labeled Release-eksperimentet på nytt.

Forskarane konkluderer med at kompleksitetsmønsteret i aktive eksperiment (av jordprøvar) tyder på biologi, mens mønstra i kontrolleksperimenta ikkje gjer det.

Dei aktive eksperimenta startar med ein høg grad av matematisk orden, som berre sakte går over til mindre orden i løpet av eksperimentet. Kontrolleksperimenta viser derimot låg orden i starten, men endrar seg raskt til noko som er tett opp mot tilfeldig støy.

– Analysane støttar tolkinga av at Labeled Release-eksperimentet verkeleg målte mikrobielt liv på Mars, skriv forskarane i artikkelen i International Journal of Aeronautical and Space Sciences.

– Svært spekulativ

Astrobiolog Hans E. Amundsen er svært skeptisk til den nye studien, som han meiner har klare manglar.

– For at det i det heile skal vere nokon vits i å nytte matematisk analyse for å re-tolke Viking-data så måtte ein gjenta Viking-eksperimentet under kontrollerte tilhøve på jorda. Det er ikkje gjort her, seier Amundsen.

Forskarane bak studien har altså ikkje prøvd om metoden deira fungerer som ein metode for å avsløre liv under kontrollerte tilhøve på jorda, eller endå viktigare, å utelukke at ein "død" prøve kan gi same resultat som ein "levande" prøve.

Dette kunne dei gjort ved å samanlikne resultata frå liv og ikkje-liv og bevise at matematisk analyse kan knekke koden.

– Den publiserte studien framstår derfor som svært spekulativ, seier Hans Amundsen.

Diskusjonen om Vikingsondene verkeleg fann liv er vel neppe over med dette.