Hopp til innhold

Grøn bønne-galaksar er blant dei mest sjeldne objekta i universet

Astronomar vart tatt på senga av ny og ekstremt lyssterk type galakse.

Grøn bønne-galaksen J2240

Grøn bønne-galaksen J2240 ligg i stjerneteiknet Vannmannen, 3,7 milliardar lysår unna oss.

Foto: CFHT/ESO/M. Schirmer

Astronom Mischa Schirmer vart fullstendig tatt på senga då han i eit bilete frå Canada-France-Hawaii-teleskopet oppdaga eit objekt som såg ut som ein galakse men som lyste lysegrønt og som ikkje likna på nokon galakse han hadde sett tidlegare.

Dette melder European Southern Observatory.

Med hjelp av observasjonstid på ESOs Very Large Telescope kunne han studere objektet nærare og slå fast at det var snakk om ein ny type galakse som ikkje tidlegare var skildra.

Det nye objektet har fått namnet grøn bønne-galakse på grunn av objektets farge og fordi det liknar på nettopp ei grøn bønne.

Den grønglødande galaksen, som har fått namnet J2240, ligg i stjernebiletet Vannmannen, om lag 3,7 milliardar lysår unna jorda.

Sjeldne objekt

Etter oppdaginga leitte Schirmers team gjennom ei liste på nesten ein milliard andre galaksar, og fann då berre 16 grøn bønne-galaksar blant desse.

Dette gjer dei nyoppdaga galaksane til nokre av universets mest sjeldne objekt.

Den norske astronomen Karianne Holhjem som for tida er forskar ved SOAR-teleskopet i Chile har vore med på å gjere denne oppdaginga.

Sjå video frå ESO som viser kvar grøn bønne-galaksen er.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Som å stikke eit termometer i galakse langt unna

I midten av grøn bønne-galaksen J2240 finst eit gigantisk svart hol som får den omliggande gassen i galaksen til å gløde. Den lysegrøne fargen som fanga merksemda til Schirmer skuldast ionisert oksygengass.

Mens det glødande området i typiske aktive galaksar vanlegvis er liten, er denne regionen heilt enorm for J2240 og andre grøn bønne-galaksar som er oppdaga seinare, og omfattar faktisk heile galaksen.

J2240 har ein av dei største og mest lyssterke slike regionar astronomar nokosinne har sett, skriv ESO i pressemeldinga.

– Desse lysande regionane kan hjelpe oss å forstå galaksanes fysikk, det er som å stikke eit termometer inn i ein galakse langt, langt unna, seier Schirmer.

– Vanlegvis er regionane verken spesielt store eller lyssterke, og ein kan berre sjå dei tydeleg i nærliggjande galaksar. Men i dei nyoppdaga galaksane er dei så enorme og lyssterke at dei kan undersøkjast i detalj, trass store avstandar, seier Schirmer.

Ekko av lys

Astronomane oppdaga også at det svarte holet i midten av J2240 var overraskande mykje mindre aktivt enn ein kunne forvente ut frå storleiken og lysstyrken til den glødande gassen omkring.

Teamet trur dette skuldast at den glødande gassen er eit ekko frå tida då det supermassive svarte holet var mykje meir aktivt, og at lysstyrken til objektet sakte men sikkert vil minke etter som strålingsrestane frå det svarte holet passerer gjennom galaksen og ut i rommet.

Forskarteamet håpar å finne ut meir om dei nyoppdaga grøn bønne-galaksane i oppfølgjingsstudiar.

– Å oppdage noko genuint nytt er ein draum for alle astronomar. Sånt skjer i beste fall ein gong i løpet av livet. Det er svært inspirerande, avsluttar Schirmer.