Hopp til innhold

Fann forklaring på penismysterium

Ny forsking kastar lys over korleis fuglane mista penisen.

Hane

Saman med dei fleste andre fuglar manglar hanen penis. No har amerikanske forskarar funne ut korleis penistapet har skjedd.

Foto: Colourbox

Omtrent 97 prosent av alle fugleartar manglar penis. Amerikanske forskarar har no funne ut korleis evolusjonen har ribba fuglar for utstyret sitt.

Studien til forskarane ved University of Florida viser at hønsefuglar utan penis har anlegg for penis tidleg i fosterlivet. Men på eit seinare stadium i fosterutviklinga blir det skrudd på eit genetisk program som fører til at den begynnande penisveksten stoppar opp.

Deretter blir utstyret heilt tilbakedanna til det berre er att eitt felles hol for avføring og kjønnssekret, ein kloakkopning.

Gryande fuglepenis

Biletet viser ein gryande fuglepenis hos eit kyllingfoster før utstyret har blitt tilbakedanna.

Foto: A.M. Herrera and M.J. Cohn, University of Florida

Protein har skylda for penis-skrumping

Ifølgje forskarane er det eit protein for celledød, Bmp4, som er involvert i penis-innskrumpinga. Dette proteinet er naturleg til stade i fosterutviklinga.

– Vår oppdaging viser at reduksjon av penis hos fuglar skjedde ved aktivering av ein normal mekanisme for programmert celledød på ein ny stad, på tuppen av den gryande penisen, fortel forskar Martin Cohn ved University of Florida Genetics Institute i ei pressemelding

I fosterutvikling er det viktig med ein balanse mellom cellevekst og celledød for å oppnå kontrollert vekst og utvikling av fosteret. For mykje celledeling eller for lite celledød kan leie til overvekst eller feilregulert vekst, som ved kreft.

Viss det derimot tippar for mykje i den andre retninga, og det blir for lite celledeling eller for mykje celledød, kan dette leie til underutvikling eller mangel på vev eller organ.

Sjå ein video av forskinga på fuglefoster:

– Fungerer heilt greitt utan

No skulle ein tru at det var ei stor ulempe for artens overleving at hannen mistar penisen, men det er det slett ikkje.

– Det blir på ingen måte færre avkom. I alle fall hos fuglar har det utvikla seg slik at det fungerer heilt greitt utan, fortel evolusjonsbiolog Trond Amundsen ved NTNU til NRK.no.

Fuglar parar seg ved at hannen og hoa pressar kloakkopningane mot kvarandre, noko som ofte blir omtalt som "cloacal kiss" på engelsk.

– Om dette kunne skjedd hos andre dyregrupper også er eit interessant spørsmål. Så lenge det finst eit system for ejakulasjon slik at spermiar kjem inn i hoa, kan det bli ungar av paringane, seier Amundsen.

Hindrar valdtekt

Forskarane har altså funne ut korleis penisen forsvann, men kvifor det skjedde er dei meir usikre på.

Ein hypotese er at fuglane har mista penisen som ein uheldig bieffekt.

Proteinet Bmp4 kan ha ein del andre funksjonar knytt til utvikling av vengjer, bein og tenner som er så fordelaktige, at det veg opp for tapet av penis.

Andre forskarar meiner at det er hoene som står bak penis-tapet.

– Hoene kan ha selektert bort penis, fordi hannar med mindre penis er mindre i stand til å tvinge til seg sex, fortel Amundsen.

Hos andefuglar, som har penis, er det til dømes ikkje uvanleg at hannen valdtar hoa. Hos fuglar utan penis derimot, blir det inga skikkeleg paring viss ikkje hoa spelar med. Hos desse fuglane har derfor hoene ein kontroll på sexlivet og kven som blir far til ungane, som ikkje er vanleg hos andre dyr.

Amundsen trur idéen om at hoene kan ha selektrert bort penisen hos fuglehannane kan ha mykje for seg.

Problemet er at ein evolusjonær preferanse for hannar som ikkje kan valdta kan verte vanskeleg å teste.

– Penisen blei borte hos enkelte fuglegrupper for meir enn 50 millionar år sidan. Så då snakkar vi om evolusjonære effektar av hoene sine val og åtferd som kan liggje titals millionar år tilbake i tid, seier biologiprofessoren.