Hopp til innhold

Fallande snøflak knipsa i 3D for første gong

Forskarar tok i bruk høghastigheitskamera for å avsløre korleis snøflak verkeleg ser ut.

Ved hjelp av eit system av tre høghastigheitskamera har forskarar ved University of Utah i USA har for første gong klart å fotografere snøflak i 3D – mens dei fell mot bakken.

– Stilig, er den umiddelbare kommentaren til meteorolog Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt når han ser bileta.

– Det dette vil hjelpe med, er forståinga av prosessen som dannar snø, noko som på sikt kan hjelpe til så vi får bygd betre varslingsmodellar for snø og snøvêr, seier han.

Snø nesten aldri enkeltkrystall

– Fram til vi laga vårt system fanst det ingen instrument for automatisk fotografering av former og storleik til snøflak i fritt fall, seier Tim Garrett, førsteamanuensis i meteorologi ved University of Utah i ei pressemelding.

– Vi fotograferer desse snøflaka heilt utan å røre ved dei med noko instrument, nøyaktig slik dei er i lufta, seier han.

Forskarane nytta eit system kalla Multi-Angle Snowflake Camera for å fange snøfnugga i fritt fall. Systemet består av tre høghastigheitskamera montert på ein ringforma struktur med circa 30 centimeter i omkrins. Kameraa var plassert med 36 graders mellomrom, og alle peikte inn mot miden av ringen.

Resultatet etter to vintersesongar med fotografering i fjella i Utah viser at snø svært sjeldan tar form av dei perfekte sekskanta snøkrystallane som ein ofte ser bilete av.

– Dei fullstendig symmetriske, sekskanta snøflaka er vakre, men også svært sjeldne – kanskje berre ein av tusen snøflak på det meste, seier Garrett.

Snøkrystall

Mikroskopbilete av ein perfekt snøkrystall. I verkegheita ser snøflak sjeldan slik ut, fann forskarane bak Multi-Angle Snowflake-kameraet.

Foto: www.colourbox.com

Studien til Utah-meteorologane viser at snø nesten aldri består av ein enkelt krystall. I staden fører kollisjonar med tusenar av vassdropar til at stadig meir vatn frys på overflata av den fallande snøkrystallen slik at det blir danna eit lett hagl (graupel). Eller snøfnugg kolliderer med andre snøfnugg og dannar større og luftige snøflak, kalla aggregat.

– Og innimellom dette er alle slags kombinasjonar moglege, ifølgje forskarane.

Fart viktig for varsling

Snøflak sett frå tre ulike vinklar

Eit system med tre høghastigheitskamera, to 1,2- megapiksel og eitt 5-megapiksel, gjer forskarane i stand til å sjå snøflaka frå tre ulike vinklar.

Foto: Tim Garrett, University of Utah

Farten snøflaka fell med har også blitt målt av forskarane med hjelp av to sett av rørslesensorar.

– For å kunne varsle vêret, er det farten i fallet som verkeleg betyr noko, seier Garrett.

Mens dagens vêrmodellar er ganske gode på å simulere skyer, strevar dei med å kunne reprodusere nedbør, og spesielt snø.

Problemet er at meteorologane manglar kunnskap om korleis storleiken og forma på snøpartiklane verkar inn på farten deira.

– Dette er viktig fordi levetida til ein storm, og kor det snør, avheng i stor grad av kor raskt snøen fell ned, seier Garrett.