Hopp til innhold

Facebook endrar tidslinja

Tidslinja som skapte irritasjon hos brukarar verda over skal no bli lettare å navigere på, ifølgje Facebook.

Endring i tidslinja

Facebook trur det vil bli lettare å navigere i den nye tidslinja som inneheld ei kolonne i staden for to.

Foto: Skjermdump, Inside Facebook

Facebook er i ferd med å teste ut endringar i tidslinje-layouten, skriv nettstaden CNET.

Ifølgje nettstaden vil den noverande doble kolonna for meldingar bli slanka til ei. Førebels har den sosiale nettstaden berre rulla ut testen hos nokre få brukarar.

– Enklare å navigere

– Dette er ein ny design som Facebook testar hos ein liten prosentdel brukarar for å gjere det endå enklare å navigere på tidslinja, seier ein talsperson for Facebook til CNET.

Den sosiale nettstaden lanserte Timeline-layouten på ei pressekonferanse i september 2011, og rulla ut den nye designen frå desember 2011.

Layouten møtte den gongen blanda reaksjonar hos brukarane. Blant anna oppstod det Facebook-grupper som «Fjern tidslinja», og «Mot den nye tidslinja på Facebook» som begge har eit par hundre medlemmer.

Dette sa ein brukar, Arn_Thor, om tidslinja i eit kommentar på NRK.no:

«Nei! Dette liker jeg ikke. Jeg vil bli definert av det jeg har gjort nylig. En forandrer seg gjennom hele livet og det en sa eller gjorde for noen måneder eller år siden skal man selv kunne velge om man vil dele med verden. »

Facebook, som nådde 1 milliard aktive brukarar per månad i oktober 2012, har i den siste tida også irritert på seg folk for å vise fram gamle private «vegg-til-vegg-samtalar» på tidslinja deira.

Krympar boksar

For dei som hata tidslinja då ho kom, kan kanskje endringane vere til det betre. Med ei slankare tidslinje slepp brukarar å navigere seg gjennom to kolonner for å finne tidlegare posta meldingar.

I testlayouten er boksane for «Nyleg aktivitet», «Vener», «Foto», «Likar» framleis å finne i høgremargen saman med eventuelle applikasjonar brukarane må ha, men boksane vil vere mindre i storleik enn posta meldingar.

I den nye designen vil høgrekolonna elles vere tom der ein i dag finn posta meldingar.

Facebook testar ny design for tidslinja

I det nye designet vil høgrekolonna ikkje vise meldingar.

Foto: Skjermdump, Inside Facebook