NRK Meny
Normal

Enno håp for ISON

Ein del av kometen ISON ser ut til å ha overlevd trass alle odds. Ekspertane er forbløffa over utviklinga. Sjå video frå solobservatoriet STEREO.

Torsdag kveld såg det ut til at kometen ISON hadde gått fullstendig i oppløysing ved møtet med den 1 million grader varme solkoronaen, og at det ikkje var noko igjen.

Men i løpet av kvelds- og nattetimane begynte det å dukke opp bilete frå NASAs solobservatorium som tydar på at kometen nærast har stått opp att som ein fugl Føniks, og at noko materiale likevel har klart seg.

Laster Twitter-innhold

– Det er tydelegvis vanskeleg å spå om utviklinga til denne kometen, kommenterer astrofysikar Håkon Dahle til NRK.no.

–Held fram med å forvirre oss

Karl Battams som er leiar av NASAs Comet ISON Observing Campaign, CIOC, kallar no ISON for Schrödingers komet, etter det berømte eksperimentet med katten som kan vere død eller levande.

–Akkurat no ser det ut til at ein liten del av ISON har klart seg og no aktivt frigir materiale. Vi har ingen ide om kor stor denne kjernen er, viss det i det heile tatt er noko der. Og viss det er ei kjerne, er det enno for tidleg å seie kor lenge den vil overleve, skriv Battams i CIOC-bloggen.

–Vi har ei heil rekke nye ukjente, og dette sprø, dynamiske og uføreseielege objektet held fram med å overraske, forbløffe og forvirre oss.

Battams ber om at publikum har tolmod med astrofysikarane dei neste dagane, slik at dei får analysert data for å prøve å forstå kva som skjer.

Har kometen ISON overlevd likevel

Dette biletet frå eitt av kameraa på NASAs solobservatorium SOHO tyder på at noko kometmateriale har overlevd passering av sola.

Foto: NASA SOHO

Lysshow på himmelen?

Heilt sidan oppdaginga i 2012 har kometen ISON skapt stor interesse både hos profesjonelle astronomar og amatørar, og mange har håpa at kometen skulle skape eit fantastisk lysshow på himmelen, sjølv om astronomar har forsøkt å dempe denne forventinga.

–Skal eg tippe, vil eg tru det vil kunne bli mogleg å registrere ein komethale frå bakken om nokre få dagar, i alle fall på lange eksponeringar med vidvinkelobjektiv, seier Håkon Dahle.

– Om noko blir synleg for auget, er meir usikkert. I tilfelle treng ein antakeleg ein svært mørk himmel for å sjå spor av halen.

Dersom kometen skulle bli synleg på himmelen, noko som altså er svært uvisst, viser denne grafikken når du kan vente å sjå han:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Ison-kometens lysshow» i nytt vindu