Hopp til innhold

Forskarar har funne det rundaste objektet i verda

Målingar gjort av engelske forskarar viser at elektronet er så nær ei perfekt sfære som ein kjem. Likevel har fysikarar enno ikkje gitt opp håpet om å finne at elektronet er ørlite grann asymmetrisk.

Atom

Elektrona som svirrer kring kjernen i eit atom er omtrent så trill runde som det går an å bli avslører nye målingar.

Foto: Science Photo Library

Forskarar ved Imperial College London har gjort målingar som viser at elektronet kan vere det rundaste objektet vi veit om i universet.

Bjørn Samset

Partikkelfysikar Bjørn Samset er imponert over presisjonen i målingane gjort av dei engelske forskarane.

Foto: Universitetet i Oslo

– Det er ein heilt fantastisk presisjon i målingane som desse forskarane har gjort, seier partikkelfysikar Bjørn Samset ved CICERO.

– Viss vi kunne blåse opp elektronet slik at det blir på storleiken med solsystemet, så er det framleis kulerundt med ein feilmargin som ikkje er større enn tjukkleika til eit menneskehår, seier fysikar Edward Hinds som var leiar for forskarteamet.

Hinds og kollegaene hans kom fram til dette resultatet ved å studere korleis elektrona i molekyl av stoffet ytterbiumfluorid oppfører seg i sterke elektriske og magnetiske felt.

Dersom elektrona var berre ørlite grann asymmetrisk ville dette bli avslørt i testane, men partiklane viste altså ingen teikn til assymmetri.

Hinds og teamet hans følgjer i fotsporet til ei amerikansk forskargruppe som publiserte liknande resultat i 2002, men Hinds har forbetra nøyaktigheit i målingane med ein faktor på 1,5.

Veldig spennande

– Men det mest spennande med dette, og den eigentlege grunnen til at målingane er publisert i Nature, er den nye metoden som forskargruppa i England har tatt i bruk, fortel Bjørn Samset.

– Metoden dei har komme fram til no er så pass lovande at dei håper å forbetre nøyaktigheit i målingar med ein orden på 10 -100 gongar betre enn i dag. Det begynner å bli veldig, veldig spennande. Dette tilvarer omtrent å kunne forbetre ein distanse frå deg på ca 1 meter til 1 meter og 1 cm unna deg, seier Samset.

Kan løyse stort mysterium

Å finne verdas mest runde objekt har ikkje vore drivkrafta til forskarane bak studien. Tvert imot håpa forskarane å finne at elektronet ikkje er trillrundt.

Dersom fysikarane finn at elektronet er ørlite grann flatt kan det bidra til å finne løysinga på eitt av fysikkens største mysterium, kvar har det blitt av antimaterien?

Trass i at teoriar seier at like mengder av materie og antimaterie vart danna i Big Bang, ser universet i dag ut til å bestå nesten utelukkande av materie.

Dersom fysikarar kan finne ein ørliten assymmetri i skya elektronet, kan dette forklare den kosmiske favoriseringa av materie framfor antimaterie.

– Faktum no er at denne skya er fryktelig rund, seier Samset.

– Og viss vi ikkje finn at elektronet er rundt, må vi leite vidare etter ei forklaring på mysteriet med den forsvunne antimaterien, seier partikkelfysikaren.

Likevel trur ikkje Samset at alt håp er ute for å finne at elektronet kan vere ørlite grann flatt med større presisjon.