Hopp til innhold

Ekstrem varme drap offera i Pompeii

Italienske arkeologar og vulkanologar har avdekt at offera i Pompeii ikkje vart kvelte av oske, men at dødsårsaka var ekstreme temperaturar på opptil 250º.

Gipsavstøypingar av offer frå Pompeii ved Nasjonalt museum for arkeologi i Napoli

Kanskje kan det vere ei trøyst i å vite at døden kom raskt til offera i oldtidsbyen Pompeii. Biletet viser gipsavstøyingar ved Nasjonalt museum for arkeologi i Napoli, Italia.

Foto: Get directly down, CC

Vesuv i utbrot, 1944

Bilete av Vesuv sitt siste i utbrot i mars 1944. Biletet er tatt av John Reinhardt i det amerikanske luftvåpenet under andre verdskrig.

Foto: John Reinhardt, USAAF

Oldtidsbyen Pompeii vart fullstendig øydelagt då vulkanen Vesuv fekk eit stort utbrot i år 79 etter Kristus.

Offera er svært godt bevarte, då dei døde kroppane deira vart dekte av oske frå utbrotet saman med resten av byen.

Til no har ein trudd at menneska i byen døydde ein langsam kvelingsdød på grunn av oska frå utbrotet, men nye studiar tyder på at dødårsaka var ei anna.

Intens varme

Nye funn av Italienske arkeologar og vulkanologar tyder på at intens varme var hovudårsaka til at menneska døydde.

Resultata viser at sjølv om dei oppheldt seg 10 kilometer frå krateret, har offera vore utsette for temperaturar på opptil 250º.

Den høge temperaturen har vore nok til å forårsake umiddelbar død, også for dei som var inne i bygningar.

Forskarane har komme fram til desse resultata ved hjelp av blant anna studiar av gipsavstøypingar av døde kroppar, eksperiment og datasimuleringar.

Studien som er gjort av forskarane Giuseppe Mastrolorenzo, Pierpaolo Petrone, Lucia Pappalardo og Fabio M. Guarino er publisert i PLoS.

Fargen på knoklar

Ved å samanlikne fargen på knoklar etter offera med fargen til moderne knoklar utsett for ulike temperaturar, har forskarane konkludert med at Pompeiioffera har vore utsett for temperaturar på omkring 250º.

Også andre funn bekrefter slike temperaturar:

  • Loddetinn, som i romersk tid bestod av ei blanding av bly og tinn med ein smeltetemperatur på 250º, har smelta.
  • Treverk, plantemateriale og mat har blitt omdanna til kol, medan glas, som har eit høgare smeltetemperatur, er uskadd.

Positur

Typiske kroppspositurar frå offera i Pompeii

Typisk livaktig positur som er vanleg å sjå hos offera i Pompeii.

Foto: PLoS, CC

Posituren til dei døde kroppane tyder på at menneska har døydd umiddelbart, noko som ville vere tilfellet dersom det var varmen som drap dei, meiner forskarane.

Napoli og Vesuv

Millionar av menneske bur i dag i området rundt vulkanen Vesuv.

Foto: Jeffmatt, CC

Dei fleste offera er stivna i livaktige stillingar.

Dersom offera hadde lidd kvelingsdøden ville kroppane deira ha vist ein meir slapp positur, argumenterer forskarane.

Forskarane åtvarar om at tidlegare risikoanalysar kan ha undervurdert faren ved vulkanutbrot, og dei meiner at deira funn må bli lagt til grunn for nye risikoplanar for Vesuv og andre eksplosive vulkanar.

Vesuv truar i dag millionar av menneske som bur i det tett befolka området omkring Napoli i Italia.