Per Haughom er primus motor for prosjektet (Foto: NRK)
- Vi er no svært nær ved å nå målet om å få sett Sinusmotoren i konstruksjon. Om eit par års tid skal vi produsere ein 0-serie, for å teste ut motoren i forskjellige pilotprosjekt, fortel Per Haughom, dagleg leiar og primus motor for Sinus Motor Concept.
- Snur oss fort
Med seg på laget har han mellom anna tidlegare rallycrosskøyrar Martin Schanche, teknisk tegnar Lasse Henriksen og dr. philos Rolf Egnell frå Lund Universitetet i Sverige.
- Vi er ein liten organisasjon, men det trur eg kan vere ein fordel. Vi kan snu oss rundt fort, og det er svært viktig i denne bransjen, seier Haughom.
I ti år har han arbeidd med å realisere motoren som er basert på det såkalla Sinusprinsippet. Oppfinninga stammer frå broren, Leif Dag Henriksen, som i 1997 fekk Reodorprisen for idéen.
(Grafikk: Kjetil Haughom)
Sinusprinsippet
Sinusmotoren er ein heilt ny type forbrenningsmotor. Tekonologikonseptet er basert på totaktsprinsippet, ein motstempelsmotor utan topplokk. Motoren har ingen veivaksel, men sinusskiver.
Martin Schanche er med på Sinus-prosjektet (Foto: NRK)
- Veivakselen bind deg i bevegelsen av stempelet, det gjer ikkje sinusskivene. Prinsippet med sinusskiver og motstempelsmotor er for så vidt godt kjent, men det er måten vi har parra dette saman på som er nytt, og det har vi no tatt verdspatent på, forklarer Martin Schanche.
Storleiken på motoren kan ifølgje prosjektutviklarane reduserast med inntil 70 prosent, vekta med 50 prosent og talet på motordelar er også redusert til rundt 70 prosent av det vi finn i ein vanleg motor.
Miljøvennleg
I første omgang vil Sinus Motor Concept satse på å lage ein hydrogenmotor med generator som kan brukast i el-bilar.
- Sinusmotoren er i utgangspunktet eigna til alle typar drivstoff, men det er lurt å satse på ei nisje for å kome seg inn i marknaden, og det vil vi gjere ved å satse på ein hydrogenbasert Sinusmotor med ladegenerator til el-bilar.
- Motoren har stort luftoverskot, og dermed kan vi ta i bruk hydrogen som drivstoff på ein mykje meir effektiv måte en konvensjonelle motorar, seier Per Haughom.