Hopp til innhold

Desse bileta overraskar astronomane

Ved hjelp av Hubbleteleskopet har astronomar funne fleire fjerne dverggalaksar med supermassive svarte hol. Slike svarte hol har ein til no berre funne i store galaksar.

Montasje spiralgalakse M81 og dverggalaksar med supermassive hol

Dei fire bileta i kvadratet er fjerne dverggalaksar med supermassive svarte hol. Til no har astronomar trudd at berre store galaksar som Messier 81 i stjernebiletet Store bjørn kan ha supermassive svarte hol.

Foto: Montasje/NASA/A. Koekemoer, Space Telescope Science Institute.

Funnet av fjerne dverggalaksar med overraskande store svarte hol tyder på at svarte hol i kjernen av galaksar har blitt forma mens galaksane framleis var unge.

Tenåringsgalaksar

Galaksane det er snakk om er heile 10 milliardar lysår unna, noko som vil seie at vi ser dei slik dei var då universet vart knapt 4 milliardar år gammalt. (Universet er i dag ca 13,8 milliardar år gammalt).

– Når vi ser ti milliardar år tilbake i tid, ser vi tilbake på tenåringstida til universet. Så dette er svært små og unge galaksar, fortel astronom Jonathan Trump i ei pressemelding frå University of California Santa Cruz.

Trump er førsteforfattar bak studien som vil bli publisert i Astrophysical Journal.

Til no har ein trudd at så unge galaksar ikkje kunne ha supermassive svarte hol, men funna frå Hubbleteleskopet viser altså at dverggalaksane huser slike svarte hol i sine kjernar.

Ei gåte

– Slike monster, som suger til seg omliggande galaksemateriale og generer ufattelege energimengder, meinte astronomane berre fanst i store galaksar, seier astrofysikar Jan-Erik Ovaldsen ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

– Vi kjenner ikkje til så store svarte hol i mindre galaksar i vårt kosmiske nabolag, seier Ovaldsen.

Spørsmålet astronomane stiller seg er om dei nyoppdaga dverggalaksane er forløparar til dagens massive galaksar som vår eigen Mjølkeveg-galakse.

Professor i astrofysikk Sandra Faber

Professor i astrofysikk Sandra Faber ved University of California Santa Cruz.

Foto: University of California Santa Cruz

– Fram til no har observasjonar av fjerne galaksar underbygd lokale funn. No har vi ei stor gåte. Kva skjedde med desse dverggalaksane? Seier professor i astronomi og medforfattar Sandra Faber ved University of California.

– Viss ein slik liten dverggalakse for 10 milliardar år sidan skal kunne bli ein fullvaksen, stor galakse i dag, må han vekse mykje raskare enn dagens galakseutviklingsteoriar tilseier, seier Faber.

Viss dverggalaksane derimot held seg små må dette bety at vi også burde sjå nærliggjande dverggalaksar med svarte hol i sine kjernar.

– Det kan vere ein stor populasjon av små svarte hol med dverggalaksar som ingen har oppdaga enno, seier professor Faber.

–Dette er eit slags høna eller egget-problem. Kva kom først, det supermassive svarte holet, eller den massive galaksen?, seier Trump.

Supermassive svarte hol i fjerne dverggalaksar

Astronomar fann supermassive svarte hol i 28 fjerne dverggalaksar. Fire av galaksane er vist på desse bileta som er tekne av Hubble.

Foto: A. Koekemoer, Space Telescope Science Institute.

Kraftig instrument

Studien er gjort ved hjelp av CANDELS (Cosmic Assembly Near-infrared Deep Extragalactic Legacy Survey) som er eit kraftig nytt instrumentet i Hubbleteleskopet.

Instrumentet gir forskarane detaljert informasjon om ulike bølgjelengder av lys som kjem frå galaksane.

CANDLES gjorde forskarane i stand til å skilje spekter frå senteret av galaksen frå lyset som kom frå den ytre delen av kvar galakse, og slik kunne dei avsløre det svarte holet i kjernen av tenåringsgalaksane.

Aktiv stjerneproduksjon

Astronomane ser også at desse fjerne galaksane er svært aktive med å produsere nye stjerner.

Stjernedanninga i desse galaksane føregår med om lag ti gongar så stor fart som i Mjølkevegen.

– Det kan vere ein samanheng mellom dette og den aktive galaksekjernen. Når det er gass tilgjengeleg for å danne nye stjerner, er det også gass tilgjengeleg for å mate det svarte holet, seier Trump.

Trump trur at funna kan endre forskarane sitt syn på korleis galaksar veks, og når galaksar kan ha svarte hol.