Hopp til innhold

Du kan bli din eigen bloddonor

Forskarar har klart å lage blodceller direkte frå hudceller utan å gå omvegen om stamceller. Dette kan hjelpe pasientar til å bli sine eigne bloddonarar i framtida.

Blodgiving

Blod frå blodgivarar er snart ikkje einaste alternativ for pasientar som treng blodoverføring, etter at kanadiske forskarar har klart å produsere blodceller direkte frå hudvev.

Foto: Colourbox

Kanadiske forskarar ved McMaster University i Canada har klart å produsere blodceller frå hudceller hos menneske.

Frå ein 3 x 4 cm stor hudflik, kan ein teoretisk lage nok blod til blodoverføring til ein vaksen person, seier Mickie Bhatia, den leiande forskaren bak studien som er publisert i Nature til CBC.

Det er ikkje første gongen ein har klart å lage blodceller frå andre celler, men dette er første gong at ein har laga nye blodceller utan først å gå omvegen om stamceller.

–Dette er spennande, seier Sissel Rogne, direktør for Bioteknologinemnda til NRK.no. Her dokumenterer forskarar igjen at ved hjelp av spesialisert vev, som hud, så kan ein få ein heilt annan type spesialiserte celler.

–Vi byrjar no å forstå mekanismane for å gå frå ein celle til ein annan, legg Rogne til.

Slår av genar for hud

I kvar enkelt celle i kroppen vår ligg genane for heile kroppen vår. Likevel blir ikkje alle genane skrudd på i alle cellene i kroppen.

For at vi skal ha negler der vi skal ha negler, og hår der vi skal ha hår, må nokre genar vere skrudd på i enkelte celletypar, men ikkje i andre.

Det dei kanadiske forskarane har klart å gjere, er å gå inn og direkte regulere kva genar som skal vere skrudd på i cellene.

Bathia og hans team har klart å slå av genmønstret som kodar for hud, og slå på genmønstret som kodar for blod.

Og dette er altså gjort direkte, utan å først lage pluripotente stamceller (sjå faktaboks), stamceller som har evne til å bli til mange ulike celler.

Når ein først har endra genane i cellene, vil dette mønsteret bli arva av dei neste generasjonar av celler.

Spesialiserte celler

Metoden vil kunne ha nytte for til dømes leukemipasientar, eller andre pasientar som det er vanskeleg å finne blod til.

Likevel har den avgrensa nytte for akkurat dette føremålet.

–Dette er ein ekstrem kostbar og langsam måte å dyrke blod på, seier Sissel Rogne.

Rogne ser for seg at metoden kan nyttast til å danne andre celler i kroppen som er vanskelegare å få tak i enn blod.

Det kan til dømes vere spesialiserte celler som nye nerveceller, insulinproduserande celler, leverceller eller bukspyttceller.