Hopp til innhold

Døden på Facebook

– Det kjenst ikkje naturleg at han skal framstå der som om han framleis var i live, seier bloggaren som sletta Facebook-profilen til sin døde bror.

Facebook

Facebook-profilen til ein avdød kan vere ein stad der etterlatne kan minnest den døde, seier forskar på sosiale medium.

Foto: AP

Mange av oss har Facebook-vener som ikkje lenger er i live, men som likevel eksisterer side med side om oss i eit digitalt sosialt univers.

Då Paal Leveraas fekk lista frå Facebook med folk som har bursdag, og såg namnet på sin avdøde bror, Dag, på lista, kjende han at han måtte gjere noko.

Han bestemte seg for å slette profilen hans.

– Det kjenst ikkje naturleg at han skal framstå der som om han framleis var i live, seier Leveraas til NRK.no.

– Facebook-formatet er meir for dei levande, synest han.

Handlinga resulterte også i bloggposten «Spøkelser på Facebook» på nettstaden Tirsdag morgen.

30 millionar døde?

Paal Leveraas

Paal Leveraas.

Foto: Anne Opedal, HR Norge

I oktober nådde Facebook eit svimlande tal på ein milliard brukarar. Men vi tenkjer sjeldan over er at mange av desse brukarane ikkje lenger er i live.

Nokre anslag tilseier at kanskje så mange som 30 millionar Facebook-profilar høyrer til menneske som har døydd.

Men dette talet kan Facebook ikkje gå god for.

– Vi har dessverre ingen tal på kor mange medlemmer som ikkje lever lenger som har konto på Facebook, seier talsperson for Facebook i Norden, Frida Löwengren til NRK.no.

Tal på talet på kontoar som er omgjort til minnesider, har Facebook heller ikkje, ifølgje Löwengren.

Löwengren fortel at Facebook har som policy å gjere profilen til ein avdød person om til ei minneside når dei får melding om at eit Facebook-medlem er død.

– Men næraste arvingar, ofte familiemedlem, kan også bestemme om dei vil at sida skal stengast heilt ned, seier Löwengren.

– Vi har fokus på at det skal vere sikkert for den som er avdød, seier Löwengren. Difor held vi dei same sikkerheitsinnstillingane på kontoen, og dei som er vener blir framleis vener, fortel talspersonen for Facebook.

Facebook

Facebook-profilen til ein avdød kan vere ein stad der etterlatne kan minnest den døde, seier forskar på sosiale medium.

Foto: AP

– Uttrykk for sorgprosess

At døde framleis har profil på Facebook kan ha mange ulike forklaringar, fortel førsteamanuensis Berit Skog ved NTNU til NRK.no. Skog er sosiolog og forskar på sosiale medium.

Ei forklaring kan vere at dei etterlatne ikkje veit korleis dei skal få fjerna profilen til den avdøde, men ifølgje Skog er det oftare eit uttrykk for sorgprosessen i ein familie.

– Profilsida blir det digitale avtrykket til ein person slik denne ønska å framstå, og også ein stad der dei etterlatne kan sjå bilete og minnest. Det kan difor vere ei stor grense å flytte når Facebook-profilen til ein avdød skal slettast, seier Skog.

– Omsyn til familie, pårørande og vener og deira sorgprosessar er også noko vi bør tenke på når vi ser at avdødes profil på Facebook ikkje er fjerna, seier forskaren.

Ho fortel at mange vener skriv minneord og gir uttrykk for sin sorg på profilsida til døde. Profilsida blir såleis ein stad der vener og kjende kan gi uttrykk for eigne kjensler, men også medkjensle med dei etterlatne.

– Å halde fram profilen til avdøde kan derfor også handle om å ta vare på veners kjensler av sakn og sorg, samtidig som familien kan finne trøyst i at vener og kjende gjer dette, ifølgje Skog.

Dette var også grunnen til at profilen til Paal Leveraas sin bror framleis eksisterte, ni månader etter at han var død.

– Ikkje like hyggeleg

Familien hadde lagt inn melding om at Dag var død, og det var komme inn helsingar og minneord der som familien sette pris på.

– Men mange månader etter var det ikkje like hyggeleg at han eksisterte som ein profil på Facebook, fortel Paal Leveraas.

Leveraas tok kontakt med Facebook, men då han fekk til svar at det kunne ta opptil to veker å slette kontoen hans, tok han saka i eigne hender.

Paal kjende bror sin godt, og hadde ein idé om kva for passord han hadde brukt på kontoen sin. Det gjorde at han kunne logge seg inn på brorens konto for å slette profilen sjølv.

– Eg trur eg sjølv ville ønska å få fjerna Facebook-profilen etter min død, seier han.

– Burde vårt digitale sosiale liv bli tatt med i testamentet vårt, slik at familien veit kva vi ønskjer?

– Ja, eg trur det er fornuftig i våre dagar der vi lever vidare etter vår død, at vi sjølv kan ta stilling til korleis det skal vere, seier Leveraas.

Gratulasjonsmelding til død bror

Mens Paal var inne på brorens Facebook-profil poppa det opp ei gratulasjonsmelding til hans døde bror, det skulle jo ha vore bursdagen hans.

Han valte å ikkje svare på meldingane, og leita seg fram til staden der han kunne slette kontoen.

«Noen kjappe tastetrykk. Så var det over. Bortsett fra følelsene.

Det ble et stille og vemodig farvel med en mann som levde store deler av sitt liv nettopp i det digitale univers.»

Har du meiningar eller erfaringar med døden på sosiale medium? Del dei gjerne i kommentarfeltet under.