Hopp til innhold

Dobbelt utbrot på sola

NASAs solobservatorium filma to etterfølgjande utbrot på sola fredag. Sjå video.

Utbrot på sola 16/11-2012

Utbrota på sola fredag morgon (norsk tid) var ikkje retta mot jorda.

Foto: NASA/SDO/Steele Hill

Fredag formiddag blåste veldige mengder plasma ut i rommet i to utbrot på sola. Hendingane vart fanga på high definition-film av NASAs solobservatorium i rommet, Solar Dynamics Observatory (SDO).

Sjå videoen av utbrota her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I videoen ser vi først ei gigantisk boge av glødande raud plasma, ein såkalla protuberans, som blir slyngt ut frå solas overflate til venstre i biletet.

Deretter ser vi eit nytt utbrot skje lenger nede i biletet, mot midten av solskiva.

Sekvensen i videoklippet er tidsforkorta (timelapse) og representerer om lag 4 timar. Utbrota skjedde frå kl. 7 om morgonen norsk tid.

– Det første trigga det andre

Det er sannsynleg at forstyrringa av solas magnetfelt kan ha trigga det andre utbrotet sidan dei var relativt nært kvarandre, skriv NASA i ei nyheitsmelding.

Det raudglødande plasmaet vi ser på videoen er danna av elektrisk lada hydrogen og helium.

Plasmaet beveger seg langs buktingar i solas magnetfelt som blir laga av solas indre dynamo. Slike utbrot oppstår når plasmastrukturane blir ustabile og rivnar slik at plasmaet blir frigitt.

Solforskar Pål Brekke ved Norsk Romsenter fortel at desse utbrota ikkje var uvanlege store.

Men om dette er småtteri på sola, er det likevel gigantisk sett frå ståstaden på vår vesle klode.

– Dette er enormt store strukturar i forhold til jorda, så dei beveger seg raskt, 3–5 millionar kilometer i timen, seier Brekke.

4–5 utbrot per dag

Det siste året har vi opplevd hyppige utbrot på sola. Dette skuldast at solas 11-årige syklus nærmar seg eit klimaks, og sannsynlegvis vil nå solmaksimum neste år, i 2013.

– Sidan sola er nær sitt maksimum ser vi ofte 4–5 slike utbrot per dag, mot under ein per dag under solminimum, fortel Brekke.

– Og mange utbrot, når dei er retta mot jorda, gir jo også mykje nordlys langt sør i landet, så det er bra for oss, seier han.

Men ifølgje NASA vil ikkje akkurat dette utbrotet gi seg utslag i nordlysaktivitet på jorda, då det ikkje var retta mot jorda.

Utbrot på sola i september 2012

Biletet viser eit spektakulært utbrot på sola i tidlegare i år. Biletet vart publisert på SDOs fotostraum på Flickr 4. september.

Foto: NASA SDO