Hopp til innhold

Nytt portrett av populært motiv i verdsrommet

To romteleskop har begge vendt linsene mot stjernetåka Hestehovudtåka. Resultatet gir større innsikt i korleis stjerner blir fødd.

Hestehovudtåka

Den karakteristiske hestehovudtåka i eit nytt bilete frå romteleskopet Hubble.

Foto: NASA, ESA, and the Hubble Heritage Team (AURA/STScI)

Dei to romteleskopa Herschel og Hubble har begge fokusert på eit klassisk objekt på nattehimmelen, Hestehovudtåka.

Bileta gir forskarane betre innsikt i kva som går føre seg i denne godt kjente stjernefabrikken, og den større molekylskya Orion som Hestehovudtåka er ein del av.

– I astronomien treng vi bilete med alle moglege skalaer og alle bølgjelengder for å forstå både det store biletet og dei små detaljane, seier Professor Matt Griffin til BBC. Griffin er leiaren av SPIRE-instrumentet på ESAs romteleskop, Herschel.

Molekylskya Orion B

Molekylskya Orion B med Hestehovudtåka til høgre i biletet. Biletet viser infraraud stråling frå stjernetåka.

Foto: SA/Herschel/PACS, SPIRE/N. Schneider, Ph. André, V. Könyves (CEA Saclay, France) for the 'Gould Belt

Du kan sjå biletet i større detalj her:

Støv varma opp av nyfødde stjerner

Forskarane er særskilt interesserte i å forstå mekanismane som fører til produksjon av stjerner mykje større enn vår eiga sol. Slike stjerner både dannast og brenner raskt, men i løpet av deira korte tid har dei stor innverknad på omgivnadene sine og på danning av nye stjerner.

Orion er ei av dei næraste fødestovene for nye stjerner sett frå jorda, og er ein av dei beste og næraste områda for å studere slik aktivitet.

I dei nye bileta frå ESAs romteleskop Herschel visast Hestehovudtåka som ein ørliten detalj, nærast berre ei lita vorte, på den enorme molekylskya Orion.

Den vesle utstikkaren som representerer Hestehovudtåka er likevel 5 lysår frå topp til botn, noko som fortel alt om dimensjonane på Orion-skya. Ho er om lag 20 lysår i diameter og har ei masse tilsvarande 2000 soler.

Hestehovudtåka

Hubble sitt portrett av stjernetåkeformasjonen Hestehovudtåka, også kjent som Barnard 33. Formasjonen ligg i stjernebiletet Orion, 1500 lysår unna jorda.

Foto: NASA, ESA, and the Hubble Heritage Team (AURA/STScI)

Avslører detaljar frå innsida

Samtidig har travaren Hubble, som har vore i rommet sidan 1990, også zooma inn på Hestehovudtåka.

Sidan Hubble operer ved kortare bølgjelengder kan dette romteleskopet gi bilete med finare detaljar enn det Herschel kan.

Sett i vanleg lys framstår Hestehovudtåka som ein mørk silhuett av tett materiale som blokkerer lyset frå den glødande bakgrunnen.

Når ein derimot fangar opp lyset i infraraudt lys kjem detaljar frå innsida av tåka fram. Den sterke lyskjelda i øvste venstre del av tåka er ei ung stjerne som har blitt forma i skya.