Hopp til innhold

Europearane kjem frå russiske stepper

DNA frå førhistoriske europeiske skjelett avslører kvar europearane kjem frå. – Dette kjem til å endre måten vi ser på europeisk historie, seier norsk arkeolog.

Jamna-skalle

To forskarteam har studert DNA frå 170 førhistoriske menneskeskjelett. Eitt av dei er denne hovudskallen frå jamnakulturen i Russland.

Foto: Natalia Shishlina

To omfattande nye DNA-studiar viser at genetikken og språket hos dagens moderne europearar har sine røter i folk som vandra ut frå steppene i Russland til Europa. Det skriv The New York Times.

Eit dansk og eit amerikansk forskarteam har til saman analysert genetisk materiale frå heile 170 skjelett frå fortidsmenneske, frå Spania til Russland.

– Resultatet viser at den genetiske samansetninga og distribusjonen i Europa og Asia i dag er eit overraskande nytt fenomen, berre eit par tusen år gammalt, seier professor Eske Willerslev ved Centre for GeoGenetics ved Universitetet i København i ei pressemelding. Willerslev har leia det danske teamet.

Den danske studien er den største genetiske studien som er gjort på førhistoriske menneske, og omfattar 101 individ.

DENMARK-GREENLAND-GENETICS-PERMAFROST-HAIR DENMARK-GREENLAND-GENETICS-PERMAFROST-HAIR

Eske Willerslev i samband med publisering av DNA frå eit steinaldermenneske i 2010.

Foto: JENS ASTRUP / AFP

– Dette er frykteleg spennande, og kjem til å endre måten vi ser på europeisk historie, seier Cristopher Prescott til NRK. Han er professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo, og har ikkje vore involvert i studien.

Christopher Prescott

Professor Christopher Prescott ved Universitetet i Oslo.

Foto: UiO

– Dette forklarar skiftet til indoeuropeisk språk, endringar i kosthald, og endringar i skjelettmateriale. Men aller viktigast så forklarar det dei store sosiale, økonomiske og politiske endringane som bronsealderen representerer. Dette er basisen for dagens Europa, seier Prescott.

– Utruleg utvikling

– Den teknologiske utviklinga dette representerer er utruleg, seier professor Erika Hagelberg ved Universitetet i Oslo. I 1989 var Hagelberg den aller første som utførte DNA-analysar frå førhistoriske menneskeknoklar.

Professor Erika Hagelberg.

Professor Erika Hagelberg.

Foto: Universitetet i Oslo.

Lenge var det berre mogleg å analysere små bitar av førhistorisk DNA. No har ein altså klart å utføre DNA-analysar frå komplette genom frå heile 170 førhistoriske menneskeskjelett.

Hagelberg synest likevel det er grunn til å minne om at sjølv om studien er stor sett frå eit teknologisk synspunkt, utgjer individa berre eit lite utval av befolkninga i bronsealderen.

Opphav til indoeuropeisk språk

Funna i studiane tydar på at dagens europearar har sitt utgangspunkt i tre ulike innvandringsbølgjer:

  • Jeger og sankar-folk som kom til Europa for om lag 45.000 år sidan.
  • Jordbrukarane vandra inn frå Midtausten for om lag 8000 år sidan.
  • Ei gruppe nomadiske gjetarfolk frå jamnakulturen i det vestlege Russland. Desse vandra inn i Europa så seint som for om lag 4500 år sidan.

Studiane tyder på at språket som jamnafolket hadde med seg kan ha gitt opphavet til mange av språka som blir snakka i Europa i dag. Både språk og genetikk har nemleg vore med oss heilt frå dette tidspunktet og fram til i dag.

Laktose-toleranse

Den danske studien viser også at europearar utvikla evna til å tole mjølk først ganske nyleg, og at genet vart introdusert med jamna-folket. Dette har ein fram til no trudd at oppstod langt tidlegare.

– Sjølv mot slutten av bronsealderen var dette sjeldan blant nordeuropearar, og dei kunne ikkje drikke rå mjølk utan å bli sjuke. Denne evna som dei fleste nordeuropearar ser som naturleg i dag, er faktisk eit ganske nytt fenomen, seier Willerslev.

NB! Artikkelen har blitt retta 13.06. Opphavleg stod det at laktosetoleranse oppstod for om lag 3000 år sidan. Det riktige er at det genmutasjonen for dette vart introdusert i løpet av bronselalderen, men at seleksjonen som gjorde dei fleste europearar laktosetolerante skjedde på eit seinare tidspunkt.