Hopp til innhold

Dette skjørtet er dyrka av bakteriar

Designar trur tekstilar dyrka av mikrobar kan løyse miljøproblem.

Biocouture-skjørt dyrka av bakteriar

Plagg dyrka av bakteriar kan medverke til å løyse miljøproblem frå tekstilindustrien.

Foto: AEG/House of Radon

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Motedesignar Suzanne Lee gror sine eige klesmateriale i ein dunk på laboratoriet i staden for i ein bomullsåker.

– Dette er ein metode for å produsere klede som minner meir om korleis vi brygger øl eller lagar mat enn om tradisjonell tekstilproduksjon, fortel Lee i filmen The Next Black.

Etter at ein biolog sette henne på ideen, begynte Suzanne og ein kollega å eksperimentere med celluloseproduserande mikrobar. Dei vart positivt overraska over resultatet.

– Dette endra heile min ide av korleis vi kan komme til å skape fashion i framtida, seier Lee.

I dag er det bomull som er verdas mest populære klesfiber. Berre i Noreg kjøper vi kvart år om lag 53.000 tonn bomullsklede, viser tal frå Framtiden i våre hender. Problemet med bomull er at det belastar miljøet med kjemikalieutslepp og stort forbruk av vatn.

Derfor forsøker forskarar og designarar omkring i verda å finne fram til alternative og meir miljøvenlege metodar for å produsere tekstil.

– Vi er i utgangspunktet positive til nye alternativ til bomull, seier Arild Hermstad som er leiar for miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender.

Likevel er han usikker på om bakteriar vil vere ei god løysing.

– Resirkulering av bomull frå brukte klede er noko bransjen burde jobbe mykje meir med, meiner Hermstad.

Det beste rådet hans er likevel å kjøpe mindre klede.

Motedesignar Suzanne Lee gror sine eige klesmateriale i ein dunk på laboratoriet i staden for i ein bomullsåker.

VIDEO: Slik blir resultatet.

Grøn te og sukker

Dette er oppskrifta Lee nyttar: grøn te, litt sukker, eddik, og ein startkultur beståande av gjær og bakteriar.

– Dette er ein metode som ikkje fører til avfall, fordi bakteriane organiserer fibrane for deg og får materialet til å gro med den forma du vil ha, seier Lee.

Bakteriane organiserer fibrane for deg og får materialet til å gro med den forma du vil ha, seier Suzanne Lee.

VIDEO: Bakteriane organiserer fibrane for deg og får materialet til å gro med den forma du vil ha, seier Suzanne Lee.

Enno modifiserer ikkje Lee og kollegaene hennar desse bakteriane, men i framtida trur ho at ein vil genetisk skreddarsy bakteriar slik at dei kan spinne tråd for oss, eller slik at dei kan produsere tekstilar med den kvaliteten vi vil ha, som vassavstøytande overflate,

– Eigenskapar som vassavstøytande overflate, eller klede som kan tilføre huda næring, kan bli designa rett inn i materialet, seier Lee.